Bagn kyrkje

Bagn kyrkje er ei korskyrkje bygd av byggmeistar Svend Trådset, eller Svein kyrkjebyggjar, som han vart kalla. Kyrkja stod ferdig i 1736. Byggmeistaren bygde også Aurdal kyrkje samstundes. Den var ferdig året etter.

I kyrkjegardsmuren, rett framom hovuddøra i vest, vart det i 1825 bygd ein stupul. Det var Aslak Olson Lie, som stod for arbeida. Stupueln vart riven i 1897.

Stavkyrkja - Ulekyrkja

Eit lite steinkast sør og aust for dagens kyrkje, stod truleg den gamle stavkyrja. Den er fyrste gong nemnt i skrift i 1327 - i dei pavelege nuntiers regnskapsbøker. Då blir ho om tala som eit kapell til Reinli. Men på 1400-talet les me om Bagn kyrkjesokn. Kyrkja er ikkje nemnt i grågåsa - Stavanger stift og domkapittels jordebok frå ca 1620. Ikkje finst det nokon Kirkestol - rekneskapsbok, og heller ikkje er kyrkja nemnt i høve det store kyrkjesalet i 1720.

Det einaste som kan vera bevara frå kyrkja, er ein inngangsportal som no finst i Nationalmuseet i København. Det er også lansert tankar om at den kan ha høyrt til stavkyrkja i Aurdal. Sidan det er sparsomt med opplysningar om kyrkja, veit me heller ikkje noko om kyrkjeklokker.

Den minste klokka i tårnet


I 1807 står det i inventarlistene at det finst to "maadelige" klokker. Båe skal ha vorte omstøypt i 1821 av Mathias K. Søberg. Kor dei to gamle klokkene kom ifrå veit me ikkje. Det blir og fortalt at då dei nye klokkene var ferdige, var dei for store og tunge til å bli hengt i tårnet att, slik at ein då hengte dei i den nybygde stupulen.

I 1940 vart den eine klokka skada. Den vart omstøypt av O. Olsen og sønn klokkestøper i 1941. Den har fått fylgjande innskrift: STØBT AF MATIS K. K. SIØBERG AAr 1821. OMSTØPT 1941 AV O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI NAUEN TØNSBERG. KJÆRLEIK, hjertemotiv og BAGN KYRKJE. På den andre siden: KLING NO, KLOKKA RING OG LOKKA. Den gamle Søberg-klokka hadde fylgjande storleik: 65 cm i diameter, høgde med krone: 63 cm.

Den største klokka i tårnet


Den andre klokka er også støypt av O. Olsen og sønn klokkestøperi, men i 1898. Var det den andre Søbergklokka som rauk då, og som vart omstøypt? Denne klokka har fylgjande innskrift: O.OLSEN KLOKKESTØBERI NAUEN PR. TØNSBERG 1898 og CONCORDIA BANGS KIRKE.