Kyrkjeklokka si historie

Ein reknar at klokkestøypinga si vogge stod i Asia for om lag fem tusen år sidan. Korleis kyrkjeklokkene har vandra frå vogga i Asia og til Noreg finst ikkje eitt klart svar på, men éin spreiingsveg som er interessant for kyrkja sin del, er vegen frå Asia gjennom Midtausten, til Egypt og vidare til oldtidsbyen Karthago i nærleiken av Tunis. Derifrå var havet lite over til Italia og nærare bestemt til Campania. Tidleg på 500-talet skal ei klokke ha kome den vegen. Vidare ifrå Campania har vel vegen vore stutt oppover til Europa mot Norden. Keltarane var kjente som gode bronsestøyparar, og dei hadde eit stort rike som strekte seg heilt til dei britiske øyane. Kan vikingane som plyndra klosteret i Lindisfarne i 793 fått med seg ei klokke heim til Noreg?

St. Patricks klokke og etuiet til klokka

Ei av dei absolutt eldste klokkene me kjenner til i Europa i dag, er St. Patricks bell - St. Patricks klokke.

St. Patrick var ein romersk-britisk misjonær, og seinare biskopå over Irland. Ein reknar St. Patrick si levetid til å ha vore på slutten av 400-talet og byrjinga av 500-talet. 

På National Museum of Ireland i Dublin, finst klokka etter St. Patrick. Den skulle ha vorte fjerna frå grava hans, kring 60 år etter at han døydde. Klokka var blant fleire ting som skulle brukast som relikvier. Klokka er dokumentert i skrifter opp gjennom heile mellomaldaren. Klokka er ikkje ei støypt bronseklokke, men meir lik Saufangklokka i Köln. Ho er laga av smidde jarnplater, som er nagla saman. Storleiken på klokka er 12.5 x 10 cm i botn, 1208 x 4 cm oppe ved halsen, og ca 16.5 cm høg.

Biskop Ansgar, Nordens apostel

Det er biskop Ansgar (801 - 865) Nordens apostel, som er den som har fått æra av å ha innført kyrkjeklokkene til Norden. Ansgar fekk lov av Kong Horik til å bygge kyrkje i Hedeby. Det skal ha skjedd i 848. Me høyrer ein del om krangel mellom dei kristne og hedningane, med omsyn til kyrkjeklokker. Men i 865 får i alle fall kyrkja i Hedeby lov til å ringe med klokka i tårnet.

Ansgar vart biskop over Bremen i 831, og hadde sitt bispesete i Hedeby. Han var underlagt erkebiskopen i Köln.

Saufangklokka

På Snütgen museum i Kløln heng ei lita og spesiell klokke. Den er ikkje støypt som kyrkjeklokkene me kjenner i dag, men den er nagla saman av to plater, slik som til dømes ei kyrbjølle er. Klokka har ein gissa på kan vera frå 7-800-talet.

Kan biskop Ansgar ha høyrt denne på sin tur til erkebiskopen i Köln tru?

 

Hedebyklokka

Då havnebassenget i Hedeby vart grave ut på 70-talet, dukka det opp ei kyrkjeklokke med nesten fullstendig oppheng. Denne klokka har ein datert til kring 900-talet. Klokka heng i dag på eit museum i Hedeby.

Hedeby ligg no i dag i Schleswig i Tyskland, men høyrde i tidlegare tider til Danmark. Hedeby vart rekna som den fyrste mellomaldarbyen i Nord-Europa.

Klokketypar

Frå venstre: Bikubeklokke, Harmonisk klokke, Sukkertoppklokke

I campanologien talar me ofte om tre klokketypar: bikubeklokka, sukkertoppklokka, og harmonisk klokke (gotisk klokke). Og sjølvsagt finst det ulike overgangsformer. Hedebyklokka er på mange måtar ei bikubeklokke, men ofte blir den rekna som ein forløpar til bikubeklokka.

Bikubeklokka blir gjerne datert til  1000 - 1100 - talet.
Den er gjerne litt tjukkare gods enn i Hedebyklokka frå 900-talet. Bikubeklokka endrar svakt på fassongen ut etter 1100-talet. Den har ein kraftigare og litt mjukare lyd enn Hedebyklokka. Overtonestrukturen er uharmonisk.

Sukkertoppklokka reknar me var i bruk frå 11/1200 - 1300- talet.
Klokka har ein lengre kropp i forhold til diameter enn bikubeklokka hadde. Klokka er kraftigare i godset, har kraftigare klang, og kraftig, og ei kuleforma krone.

Den harmoniske klokka finn forma si på 1300-talet, og er den klokketypen som har vore rådande i nord-, midt, og vest-Europa fram til i dag. Klokka har som namnet seier, ein meir harmonisk klang - overtonane i klokka kjem i meir ordna former enn ved dei to tidlegare klokketypane. Diameter og høgda på klokka heng litt meir saman enn med forløparen, sukkertoppklokka.

Klang og overtonar

Det som gjev kyrkjeklokkene den særmerkte og nesten mystiske klangen, skuldast overtonane. Når kolben slår mot slagringen på klokka, høyrer ein ikkje berre éin tone, men ein heil serie med tonar. Klokkeprofilen/rippa/formen har mykje å seia for overtonane, kor framtredande dei er. I ei klokke med harmonisk profil, kan eit trena øyra gjerne høyre 5-6 tonar. Det er fyrst og fremst slagtonen, så høyrest underoktaven. Den neste overtonen er molltersen over slagtonen, så kvinten, og så overoktaven.

I dag blir ei klokke støypt med for låg tone, slik at ein kan kan setja klokka i ein dreiebenk, og dreie av gods frå innsida. Då kan ein stemme klokka. Dei ulike overtonane har si plassering, og ein dreier då av på ulike stader, ettersom kva for tonar en skal stemme.

Stemming

Brødrene François (± 1609-1667) og Pierre (1619-1680) Hemony frå Lotharingen i Nederland, utvikla ilag med fløytisten og klokkenisten Jacob van Eyck (±1590-1657) ein metode å stemme klokker på. Ein spente klokkene fast i ein dreiebenk, og dreia av metall frå innsida. Det fyrste klokkespelet med stemte klokker leverte dei i 1644. I si tid laga dei heile 51 klokkespel. Mange av dei er framleis i dagleg bruk.

Dei største klokkene

Verdas største, svingande kyrkjeklokke er Petersklokka (Dicke Peter). Den heng i sørtårnet i Kølnerdomen i Tyskland. Klokka er støypt av Glockengießermeister Heinrich Ulrich frå Apolda, og har ei vekt på kring 24.000 kg. Diameteren er 322 cm. Kolben i klokka veg kring 600 kg.

Her kan du lesa meir om klokka, og sjå til kva dagar i året ho ringer.

Nedanfor kan du sjå ein video av ringing frå tårnet i Kølnerdomen. Dette er ein video på ca 30 min. Spol gjerne fram til 2.40. Petersklokka ringer ca 15 min. åleine før dei andre klokkene i tårnet kjem inn, ei etter ei.

Gloriosa - dronninga blant klokker

Største svingande klokke frå mellomaldaren er klokka som heiter "Gloriosa". Ho heng i midttårnet i domkyrkja i Erfurt, Tyskland. Ho vart støypt av klokkestøypar Gerhard van Wou, natta mellom 7. og 8. juli 1497. Klokka har ei vekt på 11,45 tonn, og ein diameter på 256 cm. Klokka blir gjerne kalla dronninga blant kyrkjeklokker - omnium campanarum regina.