Bikubeklokka

Granvinklokka er rekna som Noregs eldste kyrkjeklokke. Den skal i fylgje muntleg tradisjon skal denne klokka vera støypt av munkar. Bikubeforma reknar ein var i bruk mellom 1000 og 1100-talet.

Silberglocken

I nordtårnet i domkyrkja i Augsburg, Tyskaland, heng to svært gamle bikubeklokker.

Største klokka har ein diameter på 91,5 cm. Ho veg ca 400 kg, og har slagtone b' -3/16
Minste klokka har ein diameter på 89,5 cm, veg ca 390 kg, og har slagtone a' + 2/16.

Den eldste oppteikninga ein har om klokker i domkyrkja er frå Biskop Thietmar frå Merseburg. Han fortel at alle klokkene i domkyrkja ringde då han vart vigsla til Biskop i 1009. Om Silberklokkene er så gamle, enn om desse to klokkene kom som nye då tårnet vart ombygd mellom 1070 og 1075, veit ein ikkje sikkert. Men at det er dei eldste klokkene me har i bruk, er ganske sikkert.

Lydeksempel frå ringing med båe "sylvklokkene".

Lullusklokka

Lullusklokka er den eldste daterbare klokka i Tyskland. Ut ifrå innskrifta på klokka har ein rekna seg fram til at den må vera støypt 24. juni 1038. Klokka heng i Katharinatårnet i kyrkjeruinane "Stiftsruine Bad Hersfeld."