Hedebyklokka

Hedebyklokka er på mange måtar ei bikubeklokke. Men den er mykje tynnare i godset enn bikubeklokkene. Hedebyklokka har truleg aldri vore ringt, ellers ville den truleg har sprukke veldig fort, og me hadde ikkje hatt den i dag.

Hedebyklokka kan vera eitt ledd i ei utvikling med utprøving av både smidde og nagla plateklokker, og støypte klokker. Om me ser på Saufangklokka i Køln, så er den veldig tynn i godset. Kan Hedebyklokka ha vore steget tilbake til støypeprosessen frå dei smidde og nagla klokkene? Dette er ein tanke som Bent Gammeltoft Hansen (1932 - 2008), ein av danmarks store klokkekjennarar, har lagt fram.

Ein kopi av Hedebyklokka og oppheng. Denne heng utanfor vikingmseet i Hedeby.

Her ser ein Hedebyklokka med det delvis bevar klokkeopphenget.

Eit måleri frå 1400-talet syner korleis opphenget til Hedebyklokka kan ha sett ut, og korleis klokka har vore ringt.