Klokkest√łyparar

Schedula Diversarum Artium

Kven det var som støypte dei fyrste klokkene veit me ikkje sikkert. Det eldste ein kjenner til i høve støyping av klokker, er frå presten eller munken Theophilus presbyter. Det finst ulike teoriar kven denne Theophilus var. Nokre forskarar vil ha det til at dette var eit pseudonym for Benediktinarmunken Rogerus (Roger) von Helmershausen. Han levde truleg mellom 1070 og 1125. Han skulle ha vore ein godt kjent knustnar og forfattar denne tida. Ein gong kring 1120 gav han ut eit trebinds bokverk, som vart kalla: "Schedula diversarum artium" - ei oversikt over dei ulike kunstarter. Der fortel han detaljert om mykje av mellomaldaren sine kunstartar, mellom anna glasarbeid, dekorasjonsmåling, orgelbygging og om klokkestøyping. Særleg er klokkestøypinga godt og grundig forklara, så godt at ein tenkjer seg denne Thophilus, ikkje berre som "lærbokforfattar", men som ein røynd klokkestøypar. Sjølv om ein del teknikkar har endra seg frå 1100-talet, er det likevel større likskapar mellom klokkestøyping då og no, enn det er ulikskapar.

På 1100-talet finn ein sporadisk namn på kyrkjeklokkene, som fortel om støyparen. Meir vanleg er det med innstøypte segl - pilegrimsmerker. I Slidredomen i Vestre Slidre finst 4 mellomaldarklokker i tårnet. På ei av klokkene finst innstøypte relieff (sigill). Det eine syner in prest som lyfter ein altarkalk. Denne sigillen liknar eit segl som skal ha høyrt til presten Eindrid Sigurdsøn i Tønjum i Lærdal. Seglet skal ha vore nytta i eit brev frå 1341. (Jfr. Norgeskirker.no)

 

Frå andre halvdel av 1200-talet dukkar gjerne namn på klokkestøyparar opp. I Jondal kyrkje kjenner me til eit segl og innskrifta SIGILVM BENEDICTI CAMPANANI, eit segl, og så namnet BENEDICTUS. Ein muntleg tradisjon vil ha det til at denne Benedictus skulle ha vore ein benediktinarmunk. Eit sagn om kyrkjeklokkene i Slidredomen i Vestre Slidre, fortel at klokkestøyparen skulle ha vore ein tysk munk.

Med tanke på transportmoglegheiter i mellomaldaren, må ein kanskje tru at klokkestøyparane har vore omreisande handverkarar. Kan dei ha vore ein del av "teamet" som reiste rundt og bygde kyrkjer i mellomaldaren?

I Danmark kjenner ein til mange namn i geografien som knytter seg til klokkestøyping, til dømes, Klokkebakke, Klokkebjerg, Klokkedal. Her i landet finn ein ikkje noko slikt.

Men ved utgravningane ved Sola Ruinkyrkje, har ein avdekka eit klokkstøypingsanlegg inne i kyrkja. Klokkestøypinga ein har funne reistar av, skriv seg frå slutten av 1300 eller byrjainga av 1400-talet. Jfr. Alf Tore Hommedal i Háug og Heiðni nr. 2 - 1998.

I nyare tid - frå byrjinga av 1800-talet - har me mykje opplysningar om at klokkestøyparane reiste rundt og støypte der det var bruk for dei. Til dømes kan støypte Mathias K. Skiøberg klokker både i Vardal og på Dokka. Tre av klokken han støypte til Hedalen, Bagn og Skrautvål kyrkjer i 1821, må vera støypt i Vardal. Røn og Hegge fekk sine klokker då han støypte på Dokka.  I 1847 støypte Knud Andreas Sundt 5 kyrkjeklokker på ein gard i Rogne i Øystre Slidre. Det var til kyrkjene Skrautvål, Rogne, Hegge og Høre.

 

I dag finst berre éitt klokkestøypri i Noreg, Olsen Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Men elles i Europa lever klokkestøypekunsten i beste velgåande, der me finn svært mang dyktige klokkestøyperi og firma som har spesialisert seg på klokketeknikk og opphenging av klokker. Fleire av støyperia er mange hundre år gamle, og sit på store kunnskapar om klokkehsitorie og klokkeringing frå tidlegare tider, og fram til idag.

I vårt naboland, Danmark, finst ikkje klokkestøyparar lengre, men fleire firma som har spesialisert seg på klokketeknikk, montering, vedlikehald, prosjektering, og reparasjon.