Sukkertoppklokke

Sukkertoppklokka i tårnet i Hedalen stavkirke.

Dette er etter måten ei relativt lita klokke. Ca 45 cm i diameter, og ca 60 cm høg inkl. krona.

Ein ser her ein slank kropp, ei rund/oval krone med sentralbøyle og sterke kronearmar.

Sagringen i denne klokks skrånar litt ut og ned.

For å tidfeste sukkertoppklokkene ser ein gjerne på kombinasjonen mellom krona og slagringen.

Overtonane i sukkertoppklokka er gjerne litt meir ordna - (eit snev av system) enn dei gjer i forløparen, bikubeklokka.

Klangen i sukkertoppklokka er kraftig, men og skjærande, men likevel rundare og varmare i klangen enn bikubeklokka.

Klikk her for å høyre eit lydeksempel på denne klokka.

Torpo kyrkje

I Torpo nye kyrkje (1880) heng det to større sukkertoppklokker i tårnet. Desse klokkene er såpass store at dei truleg ikkje har hange i tårnet i stavkyrkja, men derimot i stupulen, som ein veit har stått på kyrkjegarden. Den vart truleg teke ned då nykyrkja vart bygd. Største klokka er kring 74 cm i diameter, og kring 95 cm høg inkl. krone. Båe klokkene heng i vinkelaksling, og blir ringt med motorar.

Her er eit lydeksempel frå ringing med båe klokkene.