Klokkeoppheng

Pendulerande ringing med kyrkjeklokkene slik me er vandt med i dag, har truleg ikkje vore så vanleg i mellomaldaren. Dei slutningane kan me trekke ut ifrå dei relativt spinkle kronearmane på klokka, det at ein ser tydeleg meir spor av slitasje på eine sida av slagringen, og at sjølve opphenget til klokka ikkje var så soldi som ein treng ved lengre pendulerande ringingar.

Rett aksling /flygande kolbe

Den eldste og mest vanlege måten å henge opp svingande kyrkjeklokker på, har vore å henge klokka i ein rett aksling (slyngebom). Kolben i klokka har no eit lågare svingningspunkt enn sjølve klokka. Dette fører til at kolben fylgjer i klokka sin svingretning, og slår an slagringen fyrst når klokka er på retur. Dette gjev klokka mildare slag enn ved opphenging i vinkelaksling. Klokka kan også no, ved korrekt berekna storleik på bjelken klokka heng i, og rett tyngde på kolben, få eit stort utsving til kvar side. Ei klokke med stort utsving får seinare slag enn ei klokke som har mindre utsving. Seinare slag gjer at malmen får betre tid til å synge ut før kolben råkar slagkanten på nytt, og bremsar klangen frå det førre slaget.

Klokker i rett aksling påfører tårnet litt meir svingkrefter, men er absolutt meir skånsom mot klokka enn oppheng i vinkelaksling. Og ikkje minst: Klangen frå ei klokke blir mykje betre med rett aksling.

I dag blir desverre mest alle nye og gamle klokker hengt opp i vinkelbjelke, laga av stål. På tide å snu den trenden, og få tilbake rette akslingar i tre? Tenk tårnmiljø!

Vinkelaksling / voggebom

Ein nyare måte å henge opp klokkene på som skut fart etter 1. verdskrigen er å henge dei i ein vinkelaksling (vuggebom). No får kolben sama svingningspunkt som klokka. Kolben vil så og seia henge stille rett ned, medan klokka svinger rundt. Dette gjvev ein hardare og meir mettalisk klang på ringinga. Allereide Leonardo da Vinci kjente til denne måten å henge opp klokker på, jfr. teikningar han laga på slutten av 1400-talet, men oppheng med rett aksling hadde overlegne kvalitetar. Ved urøynd bruk, og med for hard kolbe i klokka, kan ein fort øydelegge ei klokke med vinkelaksling. Klokker hengt opp i vinkelaksling er mykje lettare å ringe, men vanskelegare å styre. Vinkelaksling kan vera laga av jern, tre, eller ein kombinasjon av båe. På dette bildet ser ein også at det er montert ringehjul til ringemotorane.

Rett aksling / flygande kolbe

Vinkelaksling / voggebom

I fyrste halvdel av filmen høyrer ein klokke med vinkelaksling, i andre halvdel - rett aksling


Kyrkjetårnet og tårnmiljøet er noko som som i mange år har vore gløymt og lite påakta. Mange stader er ein heldig å ha både kyrkje, klokker og klokkeoppheng frå sama tid. Det blir som ei syntese. Dette er viktig å ta vare på. Eit gamal klokkeoppheng treng ikkje vera dårlegare enn eit nytt oppheng. Kanskje trengst berre ei lita justering eller eit par nye boltar eller eit par kulelager for å la opphenget leve enno nokre generasjonar. Det er også svært store kostnadar spara om ein reparerer det gamle i staden for å bytte det ut med nytt.

I Røn kyrkje i Vestre Slidre heng denne klokka støypt av Mathias K. Skiøberg i 1823. Ho har originalt oppheng.

I Skrautvål kyrkje i Nord-Aurdal heng denne klokka støypt av Mathias K. Skiøbergklokke i 1821. Opphenget i galvanisert stål frå 1990-talet. 

På loftet i Skrautvål kyrkje ligg fortsatt det gamle opphenget - fult brukande.

Så gale kan det gå......

Enebakk kirke: Klokke og oppheng frå 1682

Nytt oppheng i 2008

Når enden er god.....

Opprinneleg oppheng restaurert og tilbakeført i 2012, med støtte frå Riksantikvaren. 
Dei gamle jernbanda vart reingjort og reparert. Det vart montert kulelager på dei gamle akseltappane.