Bytte ut eller reparere det gamle opphenget?

Klokka sitt originale oppheng

Kyrkjetårnet og tårnmiljøet er noko som som i mange år har vore gløymt og lite påakta. Mange stader er ein heldig å ha både kyrkje, klokker og klokkeoppheng frå sama tid. Det blir som ei syntese. Dette er viktig å ta vare på. Eit gamal klokkeoppheng treng ikkje vera dårlegare enn eit nytt oppheng. Kanskje trengst berre ei lita justering eller eit par nye boltar eller eit par kulelager for å la opphenget leve enno nokre generasjonar.

 

Nytt oppheng på klokke frå 1821

I ei tømmerkyrkje frå 1770 heng denne klokka støypt av Mathias K. Skiøbergklokke i 1821. Opphenget vart bytta ut på 90-talet. Dagens oppheng er i galvanisert stål

Men i tårnet ligg framleis det originale oppheget - friskt og fint treverk, sterke og solide og heilt inntakte jernband. Grunn til å skifte ut? Prisen for utskifting i forhold til eit par nye kulelager og ein bolt eller to......

Originalt oppheng frå 1821

I tårnet i ei mellomaldarkyrkje heng denne klokka frå 1682. Her på bildet ser me klokka med originalt, kunstferdig og flott oppheng. Ein furustokk med smijernsband.

Her ser me den sama klokka frå 1682, men no med nytt oppheng frå 2008. Kor gjekk det gale?

Det gamle opphenget tilbake

Men med ei kyrkjeverje som er interessert i klokkekultur og tårnmiljø, og med økonomisk hjelp frå Riksantikvaren, kunne klokka i 2012 endeleg få att det originale opphenget.

Hylser med kulelager

Dei gamle jernbanda vart reingjort og reparert. I tillegg vart det montert hylser utanpå dei gamle akslingane. Desse vart festa med maskinskruar. Utanpå desse vart det så montert kulelager. Om ein i framtida ynskjer det, kan hylsene og kulelagra takast bort, og opphenget er framleis originalt.