Reparere √łydelagte klokker ?

Av Noreg sine fleire tusen kyrkjeklokker er kring 250 av dei frå mellomaldaren. Nokon av dei snart 1000 år gamle. Opp gjennom åra har mange klokker sprukke og vorte øydelagt. Då har ein gjerne smelta dei om, og støypt nye klokker. Men for kring 100 år sidan byrja ein å sveise klokker. Denne kunnskapen har me diverre ikkje i Noreg, men både i Danmark og i Tyskland finst sveisefirma som har spesialisert seg på kyrkjeklokker.

Kvifor ei kyrkjeklokke blir øydelagt, kan ha mange årsakar. Opphenget kan vera feil, kolben i klokka for tung, uvøren og urøynd ringing, eller rett og slett at klokka kan ha hatt svakheiter i materialet.

Kva gjer ein dersom ei kyrkjeklokke ryk? Skal ein smelte den om og laga ny, eller skal ein sveise den?

Her er det mang ting som spelar inn. Er det ei gamal og historisk interessant klokke vil ein gjerne få reparert den. Er klokka frå nyare tid og ikkje har noko særleg ved seg, kan det hende ein ynskjer å støype ny.

Pris spelar også mykje inn. Å sveise ei klokke vil i utgangspunktet vera mykje rimelegare enn å støype ei ny. Men så er det jo spørsmål om kva som gjorde at klokka rauk. Var det uvøren bruk eller feil oppheng eller kolbe, kan det vera grunn til å velge reparasjon. Men har klokka sprukke grunna dårleg støyping, så vil valet vera enkelt.

Sjølv om klokkestøyparane i Europa støyper flotte og gode klokker i dag - klokker som kanskje har mykje betre og finare klang enn den gamle sprukne klokka hadde, er det likevel ikkje sikkert at alle  vil synes at den nye klokka ein har valdt å kjøpe, kling noko finare. Folk har gjerne mykje kjensler knytt til klokkeklangen, og vil svært ofte meine at den gamle klokka var mykje finare i klangen enn den nye.

Klokke sveisa, og god som ny.