Ved kjøp av ny klokke

Ny klokke frå Fonderia Allanconi, Italia

I nokre kyrkjetårn heng gamle og ærverdige klokker ein er redd for med tida skal bli øydelagte. Me har kring 250 mellomaldarklokker her i landet - mange av dei nær 1000 år gamle. Kor lenge dei vil halde veit ein ikkje. Truleg vil nokon av dei før eller seinare få ein sprekk og ryke.

Nokon har teke dei eldste klokkene or dagleg bruk, og lar dei ringe berre ved høgtidsdagane eller berre til å slå 3x3 slag på. I staden for den gamle klokka ynskjer ein kanskje å få på plass ei ny klokke - ei erstatningsklokke.

Om ein bestemmer seg for ei erstatningsklokke, er det mange omsyn ein lyt ta. Mellom anna om om den nye klokka skal ringe ilag med ei anna klokke, eller skal ho ringe åleine i tårnet?

Kyrkjeklokker har mykje kjensler knytt til seg. Den gamle klokka har kanskje ringt i bygda i mange hundre år - ringt til sorg og glede. Og "alle" er samde om at klokka hadde så vakker klang....

I dag finst det klokkestøyperi som har både kunnskapar og moderne utstyr til å kunne kopiere den gamle klokka, både visuelt og klangleg. Nokon stader vil det absolutt vera eit ynskje. Andre stader er ikkje det så viktig med ein nøyaktig kopi, men likevel at den gamle klokka får tilnærma sama tonehøgde som den gamle.

Om ein går for ei ny klokke utan å ha klangen i den gamle klokke i bakhovudet, er det viktig at klokkestøyparen har kunnskapar om beregning av klokkeprofil og overtonerekker, slik at den nye klokka, uavhengig av tonehøgda, vil harmonere godt med klokka eller klokkene den skal ringe ilag med. Om den andre/dei andre klokkene i tårnet ikkje er stemt, men har ureine overtonar, er det lite truleg at ei ny og reinstemt klokke vil klinge særleg fint i eit klokkekor.

Ei ny klokke er sjølvsagt ei ny klokke. Men du som bestillar av klokka kan gjerne koma med tankar og idear til klang.

Om ein ikkje nødvendigvis ynskjer å kopiere ei gamal klokke, så kvifor ikkje gå attende i historia og bruke klokkeripper frå andre stilperioder som basis for den nye klokka? Dei fleste store og velrenomerte klokkestøyperi har både kunnskap, kompetanse og ikkje minst interesse av å gjera dette.

Innan orgelbygging til dømes, vil ein gjerne ha ein variasjon i klang og stil. Nokon vél stilkopiar av romantiske orgel. Nokon vél barokke, medan andre "konstruerer" orgel som tek opp i seg element frå fleire stilar. Kvifor ikkje gjera slik med kyrkjeklokkene og? Kvifor standarisere klokkeklangen?

Her kan du sjå ein video med tre klokker frå ein gravplass i Drachten i Friesland, Nederland. Det er klokkestøyperiet Laudy Klokkengieterij i Nedrland som støypte klokken. Dei er støypt med 1500-tals klokkeprofil/klokkerippe som utgangspunkt.

Lenke til klokkestøyperiet her.