Kurs og føredrag

Frå midten av 50-talet var iveren etter å få installert elektrisk ringing i kyrkjene svært stor, og både kunnskapen om kyrkjeklokker og ringing vart med det mange stader borte. Ingen av læreinstitusjonane som utdannar prestar eller kantorar/kyrkjemusikarar, har kampanologi/klokkekunnskap som fag, og me står no i fare for å miste mykje av kunnskapen om kyrkjeklokker og ringing. 

Kvifor ringer kyrkjeklokkene tre gonger før ei gudsteneste? Kva for klokker blir brukt til kva type kyrkjeleg handling? Kvifor ringer me 3x3 slag når messa er over? Kvifor ringer me ein heil time ved høgtidsdagane? Kva er skilnaden på manuell og elektrisk ringing? Kva kan me gjera for å ivareta og bygge opp kyrkjeklokketradisjonen vår?

Desse og mange fleire spørsmål rundt kyrkjeklokketradisjonen, kan du få svar på om du vil. Eg reiser ofte rundt på befaringar i kyrkjer og kyrkjetårn, gjev tips og råd om klokker og oppheng, nyanskaffelsar eller reparasjonar, held ringekurs og føredrag, for sokneråd, fellesråd, gamle og nye ringarar, lag og foreiningar.

Om meg


Eg heiter Henning Andersen og er fødd i 1977. Som nesten næraste granne til kyrkja i Aurdal, kan eg vel seia at eg har fåt kyrkjeklokkene inn med morsmjølka. Klangen frå kyrkjeklokker har alltid fasinert meg.

Som 10-åring fekk eg fylgje gamlekyrkjetenaren, Sigud (19122 - 2009); når gjorde i stand til gudstenester, og ringte med kyrkjeklokkene. Då han gjekk av med pensjon i 1993 fekk eg tilbodet om stillinga, og vart såleis 5. generasjon kyrkjetenar/ringar i slekta. Tippoldefar min, bestefar til Sigurd, var kyrkjetenar i Aurdal frå 1866 - 1904. Far hans att skulle også, etter muntlege kjelder, ha vore ringar i Aurdal.

Med folkemusikken i ryggmargen frå oppveksten, gjennom folkemusikkintereserte beseforeldre, vart det ikkje eit vanskeleg val at det var folkemusikklina på Valdres Vidaregåand skule eg skulle ta. 

Interessa for kyrkjeorgel har også fult meg frå eg var ganske liten. Dei fyrste timane i orgelspel fekk eg av dåværande organist i Aurdal, Anlaug Fønhus Svae (1908 - 1993). Frå sama år eg byrja som kyrkjetenar, vart eg og nytta som vikarorganist.

I 2004 byrja eg på den Skandinaviske klokkenistskole (Scandinavian Carillon School) i Løgumkloster i Danmark. Der tok eg også orgelundervisning. I tre år, frå 2012 var eg tilsett som organist på heiltid i Nordre Land kirkeliege fellesråd. I tillegg til stillinga som kyrkjetenar i Aurdal, eig og driv eg Valdres Gravferdsbyrå.

Frå 2012 - 2015 var eg tilsett som organist i Nordre Land kommune.

Dei siste 10-15 åra har eg ofte vorte nytta som føredragshaldar om kyrkjeklokker, og instruktør på ringekurs. Elles har eg òg vorte mykje nytta som freelance konsulent for Riksantikvaren, dei ulike bispekontora, for sokneråd og fellesråd i klokkesaker.

Underlege makter

I 2006 gav plateselskapet Ta:lik ut ein cd'en: Underlege Makter, med underteikna, Marit Karlberg og Anders Røyne. Den raude tråden på denne cd'en er kyrkjeklokketradisjonane i Valdres. På denne cd'en finst og ein video. Den kan du sjå her

Kontakt

Henning Andersen
Raskebakkin 4,
2910 Aurdal
tlf: 974 80 004
e-post: post@kyrkjeklokker.no

Har du lyst til å lære meir om kyrkjeklokker, eller du vil ha eit kurs i ringing? Ta kontakt anten via dette skjemaet, eller send e-post eller ring meg.