Kyrkjeklokker i Valdres

I Valdres har me i dag 74 kyrkjeklokker med smått og stort. 23 av dei er middelalderklokker. Me kjenner berre namnet på to av dei som støyete mellomaldarklokkene her. Den eine støypte den største klokka i stupulen i Hedalen. På klokka står det: NICHOLAVS ANGELUS ME FECIT (Nicholaus (engelskmann) laga meg). Den andre me kjenner namnet på er han som støypte ei av klokkene i den gamle stavkykja i Aurdal. Klokka vart borte på tidleg 1700-talet, men ho var teikna opp, og runene tyda på midten av 1600-talet. Innskrifta tyder: GUDMANN/GUDMAR GERDI MIK (Gudmann/Gudmar gjorde meg). Elles i landet kan ein finne namn på klokker alt på slutten av 1100-talet, men vanlegast blir det ikkje før på 1200-talet. Sjølv om me ikkje har namn på dei gamle klokkestøyparane, har likevel nokre av mellomaldarklokkene her i Valdres såpass store likskapar seg imellom, og også med klokker me finn andre stader i landet, at me i alle fall med stor sikkerheit kan seia at klokker kan vera laga av sama klokkestøypar.

Kyrkjeklokkene me har i Valdres i dag, forutan om den eine tredjedelen som er frå mellomaldaren, har for det meste kome til på 1800 og 1900-talet. 

Her fylgjer ei skjematisk oppstilling over kven som har støypt kyrkjeklokkene i Valdres - til kva for kyrkje, og årstal.

Johan Nicolaus Derch, Nederland
      Aurdal kyrkje, 1752

Fonderia Allanconi
      Aurdal kyrkje 2017  
      Aurdal kyrkje 2017

Mathias K. Søberg
     Skrautvål 1821
     Hedalen 1821
     Bang 1821 - støypt av gamle klokker. Omstøypt i 1941 av O. Olsen og Sønn
     Røn 1823
     Hegge 1823 - støypt av gamle klokker

Stuckstede & Bro
     Reinli 1898

Knud Andreas Sundt
     Skrautvål 1847
     Rogne 1847
     Rogne 1847 - støypt av gamle klokker
     Hegge 1847 - støypt av gamle klokker
     Høre 1847 - støypt av gamle klokker

Gerhard Schimmel
     Bruflat 1706

Knud Christian Schmidt
     Aurdal 1834 - støypt av to gamle klokker. Omstøypt i 1927 av O. Olsen og Sønn
     Ulnes 1834 - truleg støypt av gamal klokke

Otto von Hemlingen
     Strand 1894

Anders Olsen Holte
     Slidredomen 1868 - støypt av tre gamle stupulklokker
     Høre 1880

Henrik ter Horst
     Hedalen - 1665/1669 - omstøyt i 1821 av M. K. Søberg

Jahn Albert de Grave
     Hedalen 1718
     Vang 1724
     Vang 1724

Mesna Bruk
     Nord-Etnedal 1866

O. Olsen og Sønn
     Aurdal 1927 - støypt av gamal Schmidtklokke frå 1834
     Aurdal fjellkyrkje 1966
     Tingnes 1958
     Tingnes 1964
     Tisleidalen 1948
     Begnadalen 1957
     Begnadalen 1957
     Bagn 1998
     Bagn 1941 - støypt av gamal Søbergklokke frå 1821
     Veståskapellet 1966
     Leirskogen 1924
     Leirskogen 1924
     Bruflat 1912
     Bruflat 1912
     Rogne 1950
     Rogne 1950
     Volbu 1928
     Volbu 1928
     Lidar 1937
     Lidar 1937
     Øyjar - 1924
     Øyjar - 1931
     Lomen kyrkje 1927
     Lomen kyrkje 1927
     Heensåsen 1895
     Heennsåsen 1895
     Øye kyrkje 1970
     Øye kyrkje 1970

Warner & Son London
      Begnadalen 1858/1859 - kyrkja brann
      Begnadalen 1858/1859 - kyrkja brann

Mellomaldar
     Ulnes
     Hedalen
     Hedalen
     Hedalen - Nicholavs Angelus Me Fecit
     Reinli
     Bruflat
     Volbu
     Volbu
     Hegge
     Hegge
     Røn
     Øyjar
     Slidredomen
     Slidredomen
     Slidredomen
     Slidredomen
     Slidredomen
     Lomen
     Lomen
     Høre
     Høre
     St. Tomaskyrkja
     St. Tomaskyrkja