Bruflat

Fram til 1805 omfatta Aurdal prestegjeld det som er dagens Etnedal og Sør-Aurdal kommuner. Frå då kom kyrkjene i Etndal inn under Sør-Aurdal. Men ei ny deling kom til i 1894, då Etnedal kommune vart oppretta.

Dagens kyrkje skriv seg frå 1750, då ho vart vigsla. Truleg kan ho vera bygd litt før. Kyrkja har i lange tider vore ei gåvekyrkje - kyrkjelyden har sjølv stått for vedlikehaldet. Difor finn me ikkje kyrkja i korkje Grågåsa, Stavanger stift og domkapittels jordebok frå kring 1620, eller i Kirkestolen, som er kyrkjerekneskapane for prestegjeldet.

"Bruflat kirke er en laftet korskirke, der koret opptar den ene korsarmen. Kirken er orientert på vanlig måte, med koret mot øst. Hovedinngangen er i vest, men også i den søndre korsarmen er det inngang. Ved skipets vestende og ved sydenden av søndre korsarm er det utbygg som er direkte forbundet med selve kirkerommet. I utbygget i vest er det et orgelgalleri, i utbygget mot syd er det et galleri for menigheten. Kirken har ca. 210 sitteplasser. Korsarmene har saltak. Over korsmidten er det en takrytter med spiss hjelm. Ved østenden av koret er det et sakristi. " - teksten henta frå www.norgeskirker.no

Tidlegare kyrkjer

Det eldste me høyrer om når det gjeld kyrkje på Bruflat er frå 1327, i de pavelege nuntiers regnskapsbøker. Noko meir enn at det har vore kyrkje veit ein ikkje. Bygningsdeler finst truleg heller ikkje. Men i tårnet heng i dag ei kyrkjeklokke, som må vera ei klokke frå slutten av 1100-talet eller byrjinga av 1200-talet. Den har truleg høyrt stavkyrkja til. Truleg vart kyrkja lagt ned ved reformasjonen. Ho kunne ha stått ein del år etter det, men uvisst når ho vart borte.

Etter reformasjonen høyrde Bruflat til Aurdal sokn. Men grunna lang og strabasiøs veg, særleg på vinterstid, ynskte etnedølene å bygge ny kyrkje. Jfr. kallsboka for Aurdal sokn: “Folket i Etnedalen søgte Kirke i Hovedsognet, men paa Grund af de besværlige Veie søgte Almuen om Tilladelse til at bygge sig selv en Kirke, hvilket blev dem tilladt og saaledes den 7de Kirke i Kaldet opført 25de Juni 1641. Den var en Gavekirke dvs. den blev vedligeholdt ved veldædige Gaver og var at betragte som Kapelkirke, idet Etnedalen fremdeles betalte Kirketiende til Hovedkirken og udgjorde en Del af dette Sogn”.

Ein muntleg tradisjon går ut på at kyrkja vart riven i 1649 eller der omkring, då det kan vera rimeleg grunn til å tru at tømmeret frå koret i dagens kyrkje kan ha vore nytta i ein tidlegare bygning.

Kyrkjeklokkene

I tårnet på kyrkja heng i dag 4 klokker.

Den eldste av dei - ei mellomaldarklokke frå 1100-1200-talet, har nok mest truleg vore nytta i stavkyrkja. Den har også truleg vore i kyrkja frå 1641. Stod den gamle stavkyrkja heilt til den nye var bygd? Eller har klokka vore lagra ein stad i mellomtida?

Denne klokka har truleg delar av originalt oppheng. Det er i alle fall svært sjeldan at ein finn klokker som har treaksling. Med ein diameter på ca 39 cm, og ei høgde m/krone, på ca 46 cm, er dette den minste mellomaldarklokkene me har i Valdres i dag. Klokka er svært sjeldan i bruk. Her kan du høyre eit lite lydopptak med denne klokka.

Ei anna gamal klokke i tårnet, er den vesle klokka støypt av Gerhard Schimmel i 1706. Den er 40 cm i diameter, og har ei høgde med krone på ca 43 cm. Klokka er aldri i bruk. Etter at kyrkja sine nye klokker vart montert, har plassen i tårnet gjort det til at denne vesle klokka kolliderer med ei av dei andre klokkene. Opphenget er truleg originalt.

Dette er også ei klokke som har vore nytta i den førre kyrkja.

Dette er minste av dei nyaste klokkene. Støypt av O. Olsen og sønn i 1912. Klokka har fylgjande innskrift: "Gitt av Gudbrand og Guri Flatødegaard 1912"

Den største av dei nyaste klokkene er også støypt i 1912 av O. Olsen og sønn. Innskrift på klokka er: "Gitt av etnedøler i Amerika 1912"