Klokketradisjonen i Valdres

Her i landet me hatt kristne kyrkjeklokker kring tusen år, og me kan vel vanskeleg tenkje oss kva for inntrykk det gjorde på folket her, då dei fyrste ”store” kyrkjebygga stod klare og kyrkjeklokkene kom på plass. Dette var både eit syn og ein lyd dei aldri før hadde vore vitne til. Klangen frå klokkene verka kan hende skremmande i fyrste omgang. Den var magisk, den var skummel, den var kraftig, den var ny og ukjent. Og det var ikkje berre ei klokke, men kyrkjene hadde fleire klokker.

Klokkene representerte Gud. Det var Guds stemme som tala til folk. Klokkene var bindeleddet mellom himmel og jord. Og det seier seg sjølv at når alle desse klokkene ringde, så vart det reist ein mektig katedral av lyd over grender, åkrar, skogar og enger.

Messa dei feira i kyrkjene i den fyrste tida gjekk nok for det meste føre seg på latin. Den var uforståeleg for dei fleste. Messesongen forstod dei ikkje noko av, men dei lærde seg melodiane og tok dei med seg heim og dikta nye tekstar til. Likeins har kan hende klokkelåttane vorte til etter å ha høyrt på klangen frå dei mange kyrkjeklokkene. Klokkelåttane ilag med salmetonane frå messa har vore element folk tok med seg heim og nytta til sine private messer, tidebøner og husandakter og elles som hjelp og trøst i vanskelege situasjonar i kvardagen, og segner og historier knytt til kyrkjeklokkene vart dikta – med meir eller mindre kristen innhald.

I Valdres har me i dag 33 kyrkjer. Kor mange det var i mellomaldaren veit me ikkje - truleg enno fleire. Og med så mange kyrkjer, var det også svært mange kyrkjeklokker som ringte og fylte lufta med vellyd.