Guro Ljøseng i Skrautvål

Skrautvålskyrkja

Det blir fortalt at ho Guro Ljøseng frå garden Ljøseng, ein imbereftag skulle gå på stabburet etter flatbrød. Ho gjekk kippskodd. Ho kom alder innatt. Dei trudde då at ho var bergtaken. Dei ringde med kyrkjeklukkene i Skrautvålskyrkja i tre dagar til ende, og ein høyrde klokkene song:

Ding dang, dalang. Tøsstein, Langbein. Guro Ljøseng.

Men kor mykje dei enn ringde, så kom ho Guro ikkje utatt. Så var det Imbereftan neste år at han Hanse-Jakup gjekk etter vegen. Så såg han med eitt eit stort fylgje koma ridande. Han vart skremt og kasta seg ned på bakken og strekte ut armane slik at han låg som ein krøss. Dette var rett utanfor skigarden på Ljøseng. Fremst i fylgjet kom ridande ein blåkledd mann med føta så lange at dei subba bakken. Og ein nase så lang at han rakk til midt nedpå salknappen. Han skriek: ”Nei, uff. Sjå der e ein krøss!” Så kom ho ridande fram, ho som rei til slutt. ”Å, nei. Dette e nok ingen krøss. Dette e berre han Hanse-Jakup d.” Og no drog han Hanse-Jakup kjensel på jenta. Det var ho Guro Ljøseng. Ho fortalde at han som rei fyrst var Han Tøsstein Langbein, mann henne. Likeins sa ho: ”D va gødt dø held upp med ringingen då dø gjorde. Då va e komin ratt innåt garde på Ljøseng. Ha dø ringt lité te så ha e kome heilt heim, men då ha e kji fått ein helsedag meir. No e e kjeringe hass Tøsstein, o e leve so gøtt so dæ vøre jul heile åré. Det einaste e det at e går her kippskodd og frys på føto.”

I Oletjedn i Olekinn

Hegge stavkyrkje

Det var dei ei ung mor som var ute å plukka bær ilag med vesle sonen sin på stølen i Ole. Ho hadde vore uoppmerksam på han eit lite bel, og borte vart han. Ho skreik og leitte etter han lenge men kunne ikkje finne han. Så, trea dagen etter at han var vorten borte kom ho på å sende bod på presten. Presten hadde med seg ei av klokkene frå Heggekyrkja og dei tok til å ringje for å få guten utatt. Då dei hadde ringt i tre dagar, opna berget seg og guten var på tur utatt. Men i sama stund rauk opphenget til klokka og ho datt ned. Ringinga stoppa, berget lét seg att, og guten kom alder utatt. 

Mor til den velse guten gjekk soleis å song på nokre liner i all fortviling:
I Ole-tjedn, i Ole-kjinn. Der tapte e burt likaste guten min.
Det døra i dalo, det ringde i kjinn. Men alder, alder fekk e att guten min.
E upp på eit berg, e rofte o skreik, men e såg’n kji mier.
Å guten min, å guten min. Der toko dei hono i berget inn.

Slidredomen

«I eit gamal sagn frå Valdres er det fortalt at det var ein utanlands klokkestøypar som dreiv borti fjella i Slidre og støypte klokker til Slidredomen. Dette skjedde «ei mørk haustnatt, me’ åne ho dura og månin va svart»…… Klokkestøyparen jobba med sitt medan to karar frå hallingdal kom over åsen. Grunna spårkproblem kunne dei ikkje forstå kvarandre. Klokkestøyparen trudde kanskje at desse karane var ute etter å stela kunnskapen hans. Difor slo han i hel desse to hallingane. I veskene sine hadde dei mykje sylvmyntar. Desse tok klokkestøyparen og la i smeltedigelen. Difor vart kyrkjeklokkene i Slidredomen støypt med Hallingsylv, og difor meinte dei gamle at klokkene fekk ein så fin klang. Systerklokka til denne brukte å synge: "Mi unge syste heng i klava. Tå hallingsylv e ho laga. Ei murk haustnatt i Mosjel bratt, m'e åne ho dura o månin va svart. Tå sylvé fekk ho syste så underle klang."

«Eit anna sagn fortel om at nokre hallingar fleire år seinare kom til Slidre for å hevne drapet på dei to. Desse karane klatra no opp i stupulen og stal med seg den eine klokka. Dei sprang nedover jordet og ned til vatnet, fossrodde fjorden og sprang oppover lia. Etter denne strabasiøse turen var dei slite og måtte kvile. Dei grov klokka ned for å gøyme henne, og så la dei seg til å sova.  Og då svevnen var komen over dei starta systerklokkene til den som var stolen å ringje av seg sjølve. Dei vekte presten med den såre klangen. Presten på med kappa si og ut til stupulen. Der høyrde han at klokkene song: «Syste mi, syste mi, syste mi ligge i Saltmannsbrøta. O tjuvadn søva på Dinglo». Presten sprang rundt og fekk med seg nokon av bygdas beste menn. Så tok dei sama turen som hallingane noko tidlegare hadde gjort, ned jordet, over fjorden, opp saltmannvegen og til Saltmannsbrøtin. Der fant dei staden der klokka var grave ned. Så gjekk dei vidare til Dinglo, ein gamal lessarplass for fôrkjøring, der fant dei tjuvane sovande. Dei vart slått i hel og grave ned ved to svære steinar.  Klokka tok dei med seg attende og fekk ho på plass att.  Sidan har ho ringt utover Slidrebygdene til sorg og glede i snart tusen år. Og det blir fortalt at når klokkene i Slidredomen ringer, så ruggar dessse steinane på Dinglo på seg.»