Aurdal kyrkje

Aurdal kyrkje vart fyrste gong teke i bruk til julegudstenesten i 1735. Ho vart vigsla 22. februar 1737.  Kyrkja er som vanleg orientert med altaret mot aust.

Etter restaureringa i 1937, står no kyrkja med hovudtrekka frå 1792, då kyrkja fekk orgelgalleri og ny altartavle. Krusifiksen, lysestakane på altaret, preikestolen og døypefonten skriv seg ifrå stavkyrkja som stod på ein haug på Øvre sørei (jordet rett sør for kiwi).

Stavkyrkja vart riven tidleg på sumaren i 1735. To av stavane frå kyrkja vart lagt som fundament under den nye. Sjå elles: www.aurdalskyrkja.no for meir info om kyrkja.

Klokkene i stavkyrkja

Frå kyrkjestolen 1675

I stavkyrkja fanst mange klokker. Den tidlegaste opptegninga me har, er frå innhaldslista til kyrkja i 1620-åra. Der står det at kyrkja har 6 klokker.

Innhaldslista frå 1675 er litt meir spesifisert:
2 Klocher som henger ofuer Nederste dehl af Kirchen.
2 Mindre Ditto staar i Kirchen.
2 smaa Munche Klocher.

Dei to største og dei to mindre klokkene finn me att i inventarlistene fram til 1712, medan dei to små munkeklokkene må ha vorte borte mellom 1703 og 1717.

I 1731 er det oppført 3 klokker, det sama for inventarlista til dagens kyrkje i 1807, men frå no av høyrer me berre om to klokker.

Éi av dei gamle klokkene hadde runeinnskrift. Både klokka og runene vart teikna ned på fyrste halvdel av 1600-talet av den danske runeforskaren Ole Worm (1588-1654). I boka han gav ut i 1643 - "Monumenta Danica", er både klokka og skrifta tyda. Worm tyder skfirta til å vera KUÞMAN KERÞE MIK  (Gudmann gerði mik). Gudmann gjorde meg. Den norske språkforskaren Sophus Bugge (1833-1907) har vore i tvil om både oppteikninga og tydinga av runene. Han tippar at mannsnamnet skal vera Gudmarr, og at innskrifta er frå midten av 1100-talet. Den gamle stavkyrkja trur ein kunne vera bygd i andre halvdel av 1100-talet, så då kan det tyde på at det har vore klokker i kyrkje frå starten av.

Aurdal historielag har denne klokka som sin logo.

Bell / kolbe / kolv

I kyrkja finst i dag 3 gamle bellar. Truleg er den midterste frå Schmidt-klokka frå 1834. Dei to andre veit me ikkje noko om. Men truleg kan dei ha vore i nokon av dei gamle klokkene frå stavkyrkja.

Klokkene

Den største og eldste klokka i kyrkja er støypt av kanon- og klokkestøypar Johan Nicolaus Derck frå Horn i Nederland i 1752. Klokka har ein diamter på 86 cm, og veg kring 400 kg. Den fekk nytt oppheng (rett aksling av jern) i 1998.

Klokka sprakk ein gong tidleg på 1900-talet, men vart sveisa att.

På klokka står det:
Joan Nicolaus Derck me fecit Hornæ Soli Deo Gloria Hornæ 1752
(J.N.Derck laga me” og ”Berre Gud Ære)

Då kyrkja var ny, veit me at det hang 3 klokker i tårnet. Det må då ha vore dei sama tre som var i stavkyrkja frå 1731. Så kom den store klokka i 1752. Den må ha erstatta éi av dei tre klokkene. Sidan den "nye" klokka vart støypt i Holland, vart truleg ikkje den gamle sendt dit for omsmelting. Kor vart den av? Dei to andre som hang i tårnet, må ha vore dei som vart støypt omatt av Knud Christian Scmidt frå Christiania i 1834. Den klokka sprakk i 1927, og Olsen Nauen klokkestøyperi smelta om klokka frå 1834. Opphenget og kolben frå denne klokka finst framleis i kyrkjetårnet. To andre gamle klolber er òg teke vare på.

Denne klokka har fylgjande innskrift:

Ringer jeg til ro de døde, 
Ringer jeg til kirkemøde,
Altid er jeg Herrens tolk,
at han samle vil sit Folk.

Klokka er 75 cm idiameter og veg ca 200 kg.

20. april vart dei to nye kyrkjeklokkene støypt hjå Fonderia Allanconi i Ripalta Cremasca i Italia. Klokkene vart vigsla til under konofirmasjonsgudstenestene 21. mai. Innviinga skjedde 1. pinsedag. Den største veg ca 180 kg og er 65 cm i diameter. Klokka har slagtonen Eb. Klokka har fått namnet CREDO. "I tillegg har klokka fylgjande innskrift: Til minne om kirkens vigslingsdag 22. februar 1737. Trinitas. In nomine Patris, et Filii, et Spiritus Sancti." I tillegg har klokka fått eit dikt. Det er skrive av tidlegare Valdresprost Kristofer Juvkam Ørjavik. Då Bagn og Aurdal kyrkjer feira sine 250-årsjubileum, skreiv Ørjavik ei jubileumssalme. Den er tufta på bibelstaden som vart lesen då grunnsteinen til båe desse kyrkjene vart lagt ned i hhv 1734 og 1735. På klokka har me teke fyrste strofa frå kvart vers. "Gud vår far som skapte ljoset og gav liv til alt som gror. Jesus Kristus deg me takkar for du har di kyrkje her. Heilag Ande du vår trøystar som gjev kjærleik tru og von." 

Den minste av dei to nye klokkene veg ca 120 kg, og har ein diameter på 57 cm. Klokka har fått namnet AGNUS DEI. Innskrifta elles er: Til minne om Martin Luther, Wittenberg 31. oktober 1517. - Angus Dei qui tollis pecatta mundi. Dona nobis pacem. I tillegg har også denne klokka fått eit dikt. Det er skrive av tidlegare prost i Valdres, Håkon Haus. Dette er siste verset i diktet: "Må bygda og dalen bløma i ljoset frå Herrens ord. Og folket i fred og søma få samlast i kyrkjekor."

Ringing frå kyrkjetårnet

Film frå Ta:lik

Kiming

Aurdalskyrkja får to nye kyrkjeklokker til pinse.

Aurdal sokneråd har vedteke å kjøpe inn to nye kyrkjeklokker. Dei to gamle klokkene skal framleis vera i bruk, men dei nye skal vera med på å komplettere klokkekoret, så me på høgtidsdagane kan få ein flott klokkeklang frå fire klokker. Med fire klokker vil ein i større grad kunne diffrensiere bruken av klokkene etter kva for høgtid og kva for kyrkjeårstid ein er inne i. Alle fire klokkenne vil i hovudsak berre ringe på høgtidsdagane. Men til bryllaup og andre festdagar, vil tre klokker ringe.

Dei to gamle klokkene i tårnet kling i dag i Bb og C. Dei to nye klokkene får tonane Eb og G.

Klokkene vart støypt torsdag 20. april 2017, og ventas å koma til kyrkja kring 15. mai. Under konfirmasjonsgudstenestane 21. mai, blir klokkene vigsla. Påfylgjande veke blir dei heist opp i tårnet og montert, og 1. pinsedag, 4. juni, er fyrste gong dei ringer.

Sjå video frå støypinga av dei nye klokkene.