SkrautvÄl kyrkje

Skrautvål kyrkje er ei krosskyrkje frå 1785 og ligg i Skrautvål i Nord-Aurdal kommune i Oppland fylke. Kyrkja er bygd i tømmer. Det er plass til 200 personar. Våpenhus vart bygd til i 1861.

Overskrift

I Grågåsa står det oppført 4 klokker i Skrautvål. I 1665 fekk stavkyrkja nytt tårn. I kirkenstolen frå 1675 er framleis 4 klokker omtala. To middels store klokker heng i "stubhullet", og to mindre heng i tårnet på kyrkja.

 

Komer Krestne mand og kvinde komer ale store og smaa leder og i skulde finde beder og i faa Tempelet hemlens forgaard er Herrens ord i smogt bevare salig den som har det ker.

Støbt M.K. SKIØBERG AAR 1821.

 

 

Denne tilhører Skrudvolds kirke Me fecit Knud Andreas Sundt MD CCC XLVII.

Klokka er etter tradisjonen støypt i Rogne. Sjå sida for Rogne kyrkje for meir info.

Etter kyrkjevegen på Nord-Aurdalssida ligg Klokkarsteinatn. Det vart sagt at desse rugga på seg, då klokkene i Skrautvollkyrkja ringde til gravøl. Henta frå boka: Nord-Etnedal kyrkje, Harald Hvattum

 

BRAATEN, Bendik E., f. i Bråten 18-8-1882, ansatt i Skrautvål kyrkje 1925. 2 klokker, som han ringer alene, av og til er han blegtrekker for organisten. Han er graver. Lønn som kirketjener 950 kr. Året. Frå Anna Lindhjem si bok: Kirketjenere og kirkeklokker 1955 Bind I