Begnadalen

Kyrkja er stavkyrkjeinspirert, med to søylerekker, som gjev inntrykk at kyrkja er treskipa. Takstolen er open heilt opp. Det er sitteplassar til 240 stk. Kyrkja vart vigsla 13. september 1964.

Gamlekyrkja

Den gamle kyrkja i Begnadalen var teikna av arkitekt Christian H. Grosch. Den var bygd i 1859. Ein nytta så og seia sama teikningane til denne kyrkja som til kyrkja i Nes i Ådal og kyrkja i Rogne.

Ho var sparsomt utsmykka fram til århundreskiftet. Då kkom både altarbilde, preikestol og orgel. Kyrkja hadde to kyrkjeklokker. Kven som hadde støypt dei veit ein ikkje noko om.

I 1956 vart det innlagt elektrisk fyring i kyrkja.

I etterkant av 2. påskedagsmessa, den 22. april 1957 byrja kyrkja å brenne. Og den brann heilt ned til grunnen.

Kven støypte klokkene til gamlekyrkja i Begnadalen?

Stabbursklokka i Nordgarden Hougsrud

Anette Hougsrud i Begnadalen kan fortelje at det var Erik Hougsrud som kjøpte kyrkjeklokkene til den nye Begnadalskyrkja i London i 1857. Han fekk truleg oppdraget av far sin. Erik hadde vorte sjuk av tæring. Han vart anbefalt av legen å ta ei sjøreise. Han gjorde det, og kom så til London. Der skulle han ha kjøpt/bestilt mellom anna kyrkjeklokkene og ei stabbursklokke. Erik kom alder til Begnadalen att - han døydde i Christiania (Oslo), 21 år gamal i 1857, og vart gravlagt på Vår Frelsers gravlund.

Men både kyrkjeklokkene og stabbursklokka kom fram til Begnadalen. Stabbursklokka heng framleis i tårnet på stabburet i Nordgarden Hougsrud.

Stabbursklokka har innskrift som syner at den er støypt hjå J. WARNER & SONS LONDON i 1858. Det kan då truleg bety at det var sama klokkestøyperi som laga klokkene til kyrkja også.

Noko som understøttar at det var J. WARNER & SONS som støpte klokkene, er at Begnadalskyrkja vart bygd over sama leist og etter sama teiknar som både kyrkja i Rogne, Nes i Ådal og kyrkja på Hval i Ringerike. Både på Hval og i Nes i Ådal har dei kyrkjeklokker frå J. WARNER & SON. Det kan tyde på at Arkitekt Grosch hadde kontkater med dette klokkestøyperiet.

Kyrkjeklokkene i dag

Då klokkene var støypt, vart dei hengt opp i ein midlertidig stupul på kyrkjegarden.

Størst klokka har ein diameter på 80 cm, og ei høgde inkl. krone på 72 cm.  Klokka har fylgjande innskrift: LAND! LAND! LAND! HØR HERRENS ORD JEREMIAS 22.29. På motsatt side kristogram,  og alfa- og omegateiknet.

Båe kyrkjeklokkene er støypt av O. Olsen og sønn i 1957.
Minste klokka, 65,5 cm i diameter og 60,5 cm høgde, har fylgjande innskrift: Soli Deo SOLI DEO GLORIA. På motsatt side: 1957 samt ei due.

Her kan du høyre eit lydklipp frå ringing med kyrkjeklokkene i Begnadalen. Det er kyrkjetenar Geir Ingar Bølviken som ringer.