Hedalen stavkirke

Hedalen stavkirke er fra ca. 1163. I gammel tid var det en kirke der en ga gaver i bønn om, eller med takk for, hjelp. I 1699 ble kirken bygd om til korskirke i laftet tømmer.  

Hoveddøren mot vest har en portal med drake- og rankeornamentikk fra sist på 1100-tallet. Døren har smijern fra mellomalderen, og i svalgangen finnes flere runeinnskrifter.  

Framme ved koret står et relikvieskrin. Skrinet er av tre fra 1250 med forgylt kobber. Den originale båren til skrinet er tatt vare på, den eneste i sitt slag. Kirken har også en Maria-skulptur, Hedalsmadonnaen, fra midten av 1200-talet. Figuren er et av de fineste kunstverk fra norsk mellomalder.  

Altertavlen er gotisk, og krusifikset på alterskapet er fra 1260–1280. En kirkemodell som opprinnelig hører sammen med altarskapet, står ved koret. Denne har et kvinnehode på toppen av hovedtårnet.  

Døpefonten i romansk stil er av kleber, med lokk fra ca. 1250. Røkelseskaret er fra ca. 1200, og kysseplaten fra ca. 1200-1250.  

I sakristiet henger et bjørneskinn knyttet til et sagn om at Hedalen var helt avfolket etter Svartedauden. Sagnet sier at en skytter fant igjen kirken i skogen.

Teksten henta frå www.hedalen.no

Endre teksten ved å klikke på Rediger i tekstens ramme

Stupulklokkene

Messeklokka - Sacntusklokka

Då reformasjonen kom, skulle sjølvsagt alt av katolsk utstyr og katolske skikkar kastast ut or kyrkjene. Men me veit at praksisen var at mange skikkar overlevde reformasjonen, og var bruk heilt opp til våre dagar. Det som skjedde var gjerne at skikkane fekk andre teologiske grunngjevingar, og at den liturgiske bruken av gjenstandar vart endra.

I Hedalen finst framleis svært mykje av det katolske inventaret, Madonnaen, relikviskrinet og båra som skrinet vart bore på, røykjelseskar og messeklokka.

Messeklokkene vart vanleg i kyrkjene utover 1200-talet. Desse klokkene var gjerne små handklokker som presten ringde med ved altaret. Særleg ringde klokkene i høve transformasjonen av brød og vin - då det skulle bli til Jesu lekam og blod. Difor kallast dei gjerne Sanctusklokker, sidan Sanctus (Hellig), er namnet på eit ledd i nattverdsliturgien. Desse klokkene vart gjerne ringt med når graver vart grave - dei måtte rensast for vonde makter. Klokkene kunne brukast i prosesjonar og ute hjå sjuke og døyande.

Me veit at messeklokka i Hedalen ved fleire høve vart ringt for å få folk utatt or berget - folk som var bergtekne. Klokka vart også ringt med etter at Storofsen i juli 1789 førde til eit stor ras som tok livet av 9 folk. Då vart klokka teke med ut til Mansetre, der raset hadde gått. Dei ringde og vigsla staden der folka var vorte gravlagt.

Etter reformasjonen fekk gjerne desse små messeklokkene andre funksjonar. Me høyrer ofte om at klokkene ringde når presten gjekk på preikestolen.

Her kan du høyre eit lydopptak frå denne klokka. 

 

Klokkene i tårnet

Mellomaldarklokka i tårnet kan truleg vera frå midten av 1100-talet. Og stemmer det, er den i frå kyrkja si fyrste tid.

Klokka er lita, ca 45 cm i diameter, 56 cm høg, inkl. krone. Klokka har ikkje originalt oppheng.

Her kan du høyre eit lite lydopptak med denne klokka.

Den minste klokka i tårnet.

Einaste innskrift er: "FECIT AMSTELODAMI 1718".

Ut ifrå skrivemåten, og klokka si rippe - fasong, og ornament, kan det tyde på at klokkestøyparen er Jahn Albert de Grave frå Amsterdam. Han har støypt to klokker til Vang kyrkje i 1724.

Stupulklokkene

Største og eldste klokka i stupulen er ei mellomaldarklokke. Truleg ei klokke frå 1300-talet.

Den har ei innskrift: + NICHOL•AVSANGELVSMEFECIT. Betyr det, som nokon oversett det til: Nicholaus engelskmann gjorde meg? Det fantes faktisk ein engelsk klokkestøypar på denne tida som heitte Nicholaus. Men om han leverte klokker hit til Valdres veit me ikkje noko om. Ut ifrå klanganalyser på klokka, er det heilt tydeleg at støyparen har visst kva han har drive med. Klangen er på høgde med dåtida sine ideal. Men bokstavane og skrivemåten er meir slurvete. Nokon bokstavar store, og nokon små. Om me samanliknar to bokstavar av sama type, er dei absolutt ikkje like. Det kan kanskje tyde på at dei er laga på frihand der og då.

Det var alt vanleg at klokkestøyparane på denne tida laga formstøypte bokstavar. Slik me mellom anna kjenner det frå ein klokkestøypar som òg heitte Nicolaus, men skreiv namnet for utan h. Han heldt til i området kring Limfjorden i Danmark. Alle hans bokstavar var nøyaktige i utføring.

Kan denne klokka vera støypt i Hedalen av ein omstreifande klokkestøypar? Han han ha teke med seg klokkeprofilane sine, men late andre støypeformer til ornament og bokstavar vera att i støyperiet sitt?

Sidan skrifta er så knølete laga, og orddelinga så tilfeldig, kan ein nesten lure på om oversetjinga frå latin er feil. Kanskje kunne det vera at det skkulle stått: NICHOLAVS ME FECIT•ANGEVS. Det ville då bety at det var Nicholaus som gjorde klokka, men at klokka vart kalla ANGELUS? At dette var den klokka som vart nytta når ein skulle varsle tida for å be Angelusbøna?

Kyrkja har truleg hatt stupul frå den tidlegaste tida av kyrkja. I 675 i inventarlistene, får me fyrste gong høyre om at det heng ei klokke der. Men i 1704 står det å lesa at det er to nokså store klokker i stupulen. Det er då mest sansynleg den 1300-talsklokka. Den andre klokka kan vera den som Christopher Blix Hammer (1720–1804) har skrive om. Ei klokke som skulle vera støypt i 1669 eller 1665. Klokka var støypt av Henrick ter Hors frå Denever i Nederland. Kan klokka ha vorte kjøpt brukt, og vorte hengt i stupulen mellom 1675 og 1704?.

Det finst ei forteljing om at den gamle ringaren var vorte sjuk, og ein vikar måtte inn. Det var Amund Flaten som fekk jobben. Han var stor og sterk, og ringde med alle krefter. Ein bjelke knakk, og klokka ramla ned og vart knust. Han samla saman bitane og fekk frakta dei til klokkestøyperiet. Seinare henta han den «nye» klokka heimatt. Om denne historia er sann, kan det truleg vera den nederlandske klokka frå 1665/1669 som rauk, og at dette må ha skjedd kring 1821 då den nyaste klokka kom.

For den nye klokka som kom i 1821 var støypt av Mathias K. Søberg i Vardal. Klokka har fylgjande innskrift: STØBT AF M K SØBERG AAR 1821.

Lydklipp med båe stupulklokkene

Lydklipp med både tårn- og stupulklokkene.