Reinli stavkyrkje - "Gamle Guri"

Reinli stavkyrkje er den yngste og best bevara stavkyrkja i Valdres. Ein har gjerne datert kyrkja til ein gong mellom 1200 og 1300-talet. Ein del materialar frå kyrkja har tydeleg vore nytta tidlegare - anskje i ei anna kyrkja. Ved utgravningar under kyrkja på 70-talet, fann ein spor etter to tidlegare kyrkjer på staden. Kan ei av dei vera den kyrkja som er nemnt i skildringane til Olav den Hellige si reise gjennom Valdres i 1023?

På folkemunne har kyrkje gjerne vorte kalla "Gamle Guri".

Kyrkja er i dag berre i bruk på sumarhalvåret.

I kyrka står det fyrste orgelt som kom til Bagn kyrkje i 1808. Laga av Hallvard Klætte.

Stupulen i Vest - der "vestklokkene" heng

Reinli kapell

Ringing med stupulklokkene

Kyrkjeklokkene

Ved Reinli stavkykje og kapell, heng klokkene i ein stupul. Den vart bygd midt på 1800-talet, og har avløyst ein mykje eldre stupul.

I grågås, Stavanger stift- og domkapittels jordebok frå kring 1620, står det nemnt 2 klokker. Og i innventarlistene i Kirkestolen, rekneskapsboka til kyrkja, står det i 1675 at det skal vera to små klokker i stupulen. Den eine av dei to klokkene heng i stupulen i dag. I 1712 høyrer me om ei messeklokke som skal vera flytta til Aurdal prestegard.

I 1799 vart det kjøpt ei klokke til kyrkja. Det finst ei tavle på veggen i kyrkja som fortel om dei som gav pengar til denne klokka. Kor denne vart av veit ein ikkje. På auksjonen etter Baldisholkyrkja i Ringsaker i 1879, vart det kjøpt ei kyrkjeklokke. Den var støypt i 1641. Den heng i dag i stupulen. I tilleg heng ei klokke frå 1898 der, ei klokke gjeve av utvandra Reinliingar. Klokka er støypt av STUCKSTEDE & BRO. ST.LOUIS Minesota. På klokka står fylgjande innskrift: CAST BY STUCKSTEDE & BRO. ST.LOUIS MO. DENNE KLOKKE ER I 1898 GIVET OG SENDT REINLID KIRCKE FRA REINLINGER SOM ER UDVANDREDE TIL AMERIKA. På kappen leses RINGER JEG TIL KIRKEMØDE/ RINGER JEG TIL RO DE DØDE:/ ALTID ER JEG HERRENS TOLK.

Kan den eine av dei to opprinnelege klokkene i stupulen ha vorte øydelagt, så det var den som skulle erstattst i 1799? Og at også den rauk. Var det difor dei kjøpte Baldisholklokka i 1879?

 

Den gamle mellomaldarklokka. Relativt nytt oppheng i vinkelaksling av jern.

Baldisholklokka, støypt i 1641, men kom til Reinli i 1879.

Den nyaste klokka - den som kom frå Usa, gjeve av utvandra Reinliingar i 1898.