Heensåsen

Alt då den nye kyrkja i Vang stod klar, byrja folk på Heensåsen å tenke tanken om å få kyrkje i sørre enden av Vangsmjøsa. Ein ynskte at den gamle stavkyrkja kunne flyttast. Men det vart som kjent ikkje noko av.

I 1895 vart det innvia ein kyrkjegard på Heensåsen. Det vart også bygd ein stupul på staden, der to kyrkjeklokker vart hengt opp.

17. september 1902 vart altså Heensåsen kyrkje vigsla. Då som kapell under Vang sokn. Men frå 1998 var Heensåsen eige sokn. Kyrkja har ca 200 sitteplassar.

Kyrkjeklokkene

Båe klokkene støypt av O. Olsen og Sønn i 1895. Største klokka har ein diameter på 73 cm, og ei høgde på 70 cm inkl. krona.

Den minste klokka er ca 64,5 cm i diameter, og 58 cm høg inkl. krona.

Båe klokkene heng i vinkelaksling med knivlager.

Her er eit lite lydklipp frå ringing med båe klokkene.