R√łn kyrkje

Om klokkest√łyparen

I jubileumsskriftet til Røn kyrkje, utgjeve i 1998 står fylgjand om klokkestøyparen M. K. Skiøberg.

"Ei halv mil sørover etter riksvegen frå Dokka, på austsida av fjorden og på øvre sida av vegen renn ein liten bekk. Skoglia ovanfor kallar gamle folk for Støypsvea. Den låg på garden Tingvoll sin grunn, og ved århundreskiftet stod det ein gamal, grå tømmerygning her. Den inneheld restene etter ei smie og eit støyperi, og klokkestøyparen var svensken Mattis K. Skiøberg (1781 - 1824). Fyrst på 1820-talet ser det ut til at han budde i Vardal, og reiste rundt og støypte kyrkjeklokker. Ganske sikkert støypte han ikkje berre det, men også gardsklokker, bjøller og anna. Her på Tingvoll støypte han i 1821 m. a. ei klokke til Skrautvål kyrkje, og hn støypte sama året omatt klokkene i Bagn kyrkje."