Manuell ringing - eit 1000 år gamalt liturgisk kunsthandtverk

Som det står i rettningslinene for bruk av kyrkjeklokkene, så er klokkene å rekne for liturgiske instrument, og ein del av det litrgiske utstyret. Ringing med klokkene er ei liturgisk teneste.

Ringing med kyrkjeklokker er ein folkeleg og levande tradisjon, ein tradisjon som er del av den immatrielle kulturarven, og eit utøvande handverk gjennom meir enn 1000 år.

Kvifor skal ein så velge noko anna enn handringing?

HMS er det som mange brukar som argument for å gå frå manuell til elektrisk ringing - støy og vanskeleg tilkomst til tårnet

Gode, formstøypte øyreproppar og gode øyreklokker hjelper svært mykje på støy. Kanskje kan eit alternativ vera å stå lengre unna klokkene - kanskje kan ringetåga førast ned gjennom tårnet og ned på loftet. Kanskje ned på galleriet eller heilt ned i kyrkjerommet. Ringing frå kyrkjerommet vil synleggjera at ringing er ein liturgisk funksjon. Vél ein slike løysingar kan ein både spara store summar, i tillegg til at ein har oppretthalde og stadig vidarefører den over 1000 år gamle levande ringetradisjonen og litrugiske funksjonen klokkeringing er.

Nokon stader i landet slit ein med å få nokon til å ta på seg ein ringejobb - ubekvem arbeidstid og dårleg løn. Dette finst det gode døme på at ein kan få ei løysing på. Då den siste gudstenestreformen kom, var stadeigenheit og involering to stikkord. Nokon har hatt god erfaring med å lyfte fram til dømes den særmerkte ringeskikken. Og involveringa, på sama måte som med tekstlesarar og medliturgar, har ein fått folk i bygda, gjerne gjennom lag og foreningar, til å vera med å ta seg av ringinga. Både årets og gjerne fjorårets konfirmantar har vore med å bidrege.

Det er biskopen og evt. Riksantikvaren som gjve godkjenning til installasjon av elektrisk ringing.