Ringeskikkar

I by som i bygd har me kyrkjeklokkene rundt oss i kvardagen. Me høyrer dei på veg til kyrkje ein sundag, til bryllyp, eller til gravferd. Me høyrer klokkene kime inn høgtida eller nyttåret. For nokon hundre år sidan høyrde nok folk klokkene mykje meir. Då ringte klokkene for å varsle både soloppgang og solnedgang. Dette for å seia noko om arbeidsdagen sin start og slutt. Og om tid for bøn. I byane og klostra ringte også klokkene ved alle dei ulike tidebønene utover dagen. Slik sett har kyrkjeklokkene vore viktige tidsmarkørar i kvardagen vår.

Klokkene vart òg nytta for å varsle krig og ulukker, katastrofer, brannar og til mobilisering. 

Angelusringing

"Angelus" (1857-59), Jean-François Millet

Angelus Domini nuntiavit Mariae. 
Et concepit de Spiritu Sancto.

Herrens engel bragte Maria det glade budskap.
Og hun unnfanget ved Den hellige Ånd. 

...... les meir

Den gamle Angelusringinga heng saman med Angelusbøna - Angelus Domini nuntiavit Mariae. Et concepit de Spiritu Sancto. (Herrens engel bragte Maria det glade budskap. Og hun unnfanget ved Den hellige Ånd).

Det var truleg pave Urban II (1035-1099) som la grunnlaget for at ein morgon og kveld skulle be Angelusbøn når ei klokke ringte og signaliserte tida. Tanken var vel at ein i høve det fyrste korstoget mot Jerusalem skulle styrke sigeren med bøn - ikkje berre med sverd og makt. Seinare i mellomaldaren skulle ein også be Angelusbøna midt på dagen. Og om ein bad morgon, midt på dagen og kveld, kunne ein få ein god avlat for dette.

Angelusbøna og ringinga med Angelusklokka, er ein skikk som stadig lever i den katolske delen av verda. Men sporadisk finn me at ein ringer Angelusringing i den protestantiske kyrkja. Der denne skikken har overlevd reformasjonen, kom gjerne eit fredsaspekt inn i. Me veit at Kong Christian IV kom med pålegg om at ein morgon, midt på dagen og kveld skulle ringe for fred med kyrkjeklokkene. Desse ringingane vart avslutta med 3 x 3 slag - tre for kvar av Mariabønenen som vart bedne. I protestantisk tid vart desse 3 x 3 tenkt som ei ære til treeinigheita.

Sjeleringing

Ein ringeskikk som oppstod utover mellomaldaren var sjeleringinga. Det vart altså ringt sjeleringing fyrst og fremst umiddelbart etter dødsfallet. Dette var berre fyrste ledd i ei lang rekke ringetidspunkt. Det vart ringt når grava vart opna, ved requiemessa og i det grava vart fylt att er jordfestinga. Det vart også ringt på bestemte dagar etter dødsfallet.

Rike og velståande folk kunne gjerne betala i dyre domar for at kyrkjeklokkene skulle ringe vel og lenge, og gjerne mange klokker. Og i byane kunne gjerne fleire kyrkjer bli betalt for å vera med på ringinga. Tanken med sjeleringinga var at kyrkjeklokkene skulle vera med på å føre sjela til den døde fram til himmelen, og sørge for at vonde makter ikkje kom til å hindra vegen.

Reformasjonen sette ein stoppar for dette, i alle fall på papiret - sjeleringinga auka på, og nådde kanksje eit høgdepunkt på 16- og 1700-talet. I enkelte kyrkjer i den lutherske verda, ringes framleis kyrkjeklokkene når nokon er død. Særleg er dette godt kjent frå Danmark.

Sist ein nytta sjeleringing i Noreg, var i høve dødsfallet og gravlegginga av kong Olav V i 1991.

Sjeleringing frå Aurdal i 1688

Frå Kirkestolen 1682 - 1723 (rekneskapsboka for stavkyrkja i Aurdal) fortel fylgjande for året 1688: "Udj indeværende aar er paa Gulvet, nedre ved den store kirchedør, udj barjord nedsat Capellanens hr. Hans Pedersens kierestes liig, derfor betalt for Jorden, 6 rd. For de 3de største klocker á 1 ort, 8 sk. oc 1 rd."

Høgtidsringing

Ved dei store helgenfeiringane, som det i mellomaldaren var mange av, vart det halde vigiliemesser kvelden før sjølve høgtidsdagen/minnedagen. Dette var messer der ein på ein måte rensa seg, avstod frå arbeid og mas og gjorde seg klar til den store festen. Til desse vigiliemessene vart det kima med alle kyrkjeklokkene føreåt. Dei skulle både rense lufta og gje rom for ettertanke og høgtid.

No i vår kyrkje har me ikkje vigiliemesser, men ein nesten 1000 års tradisjon med å ringe kvelden før høgtida, den har me bevara. Hjå oss kimer klokkene éin time på jule- påske, og pinseaftan, i tillegg til timen før gudsteneste på jule, påske og pinsedag.

I dag er det kanskje mest vanleg at det er frå kl. 17.00 - 18.00 at ein ringer inn høgtida, men mange stader i landet held ein framleis på det gamle tidspunktet som var frå kl. 15.00 - 16.00. Dette fall saman med at ein rekna kl. 06.00 om morgonen som den fyrste timen. Då blir den niande timen (none) kl. 15.00. Den niande timen var i fylgje jødisk skikk bønetimen. I klostera hadde ein tidebønen none då. Og i fylgje evangelia, så var det ved den niande timen at Jesus døydde på krossen.

Gardsklokkene ringer inn pinsa

Mange stader der dei budde så langt unna kyrkja at dei ikkje kunne høyre kyrkjeklokkene ringe inn høgtida, ringte ein gjerne med gardsklokka. Det er og fortalt om ein gard i Beito, der dei aldri kom seg til kyrkja i jula, grunna lang avstand og mykje snø. Dei hadde ikkje gardsklokke, men sala opp hesten med dombjøllekransen, og jaga den rundt i tunet, medan dei stod og lydde. Slik vart jula ringt inn for dei.

Ein gamal tradisjon med at gardsklokkene overtek og ringer etter at kyrkjeklokkene har ringt inn høgtida høyrer me og om. Her er eit lite klipp frå pinsa 2016, der gardsklokka på Sørei i Aurdal ringer etter at kyrkjeklokkene har ringt.

Helgemålsringing

I byar var det ofte vanleg at kyrkjeklokkene ringte og varsla tidebønene. Og dei fyrste tidebønene på morgonen fall gjerne saman med at sola stod opp. Og det sama på kvelden. I etterreformatorisk tid heldt ein gjerne desse morgon og kveldsringingane for å la folk vite når dagen starta og slutta. Dette fall også saman med når byportane opna og lukka. Men me finn og spor av dette på bygdene.

Ein annan skikk var også å ringe det som nokon kallar Helgeringing eller Helgemålsringing. Då ringte ein for å varsle at helga starta, og at arbeidet skulle få kvile. Ein ringte også når helga var over, og kvardagen byrja att.

Aurdal sokneråd tok i 2004 initiativ til å gjera ei prøveordning med å ta opptatt helgeringinga. Dette vart gjort på dugnad. Og fyrste året meldte det seg 8 frivillige. Året etter var talet oppe i 12.

Ringinga gjekk føre seg laurdag kl. 15.00, og sundag kl. 18.00. Etter prøveordninga vart det nytt sokneråd, og det nye rådet ynskte dessverre ikkje å vidareføre denne tradisjonen.

Presteringing

Som kjent er det, og har vore, ringt med kyrkjeklokkene tre gonger før gudsteneste. Siste ringinga vart gjerne kalla presteringing. Dette sidan ringinga ofte starta når presten gjekk ifrå ut døra i prestegarden, og la i veg til kyrkja. Stader der ein ikkje kunne sjå prestegarden, vart det til at dei starta ringinga så fort presten var å sjå etter vegen. Ringina stoppa fyrst når messa eller gudstenesten skulle starte.