Gravringing

Dei små messeklokkene eller Sanctusklokkene vart ringt år ei grav vart opna. Lyden frå kyrkjeklokkene skulle saman med røykjelsen vera med å drive bort vonde makter, slik at grava kunne bli ein kvilestad for den døde.

Rester av denne skikken har halde seg heilt fram til våre dagar. I Øystre Slidre i Valdres var det skiken at ein ringte klokkene nokre minutt før grava vart opna. Skikken levde til innpå 2000-talet.