HelgemÄlsringing

I byar var det ofte vanleg at kyrkjeklokkene ringte og varsla tidebønene. Og dei fyrste tidebønene på morgonen fall gjerne saman med at sola stod opp. Og det sama på kvelden. I etterreformatorisk tid heldt ein gjerne desse morgon og kveldsringingane for å la folk vite når dagen starta og slutta. Dette finn me også på bygdene.

Ein annan skikk var også å ringe det som nokon kallar Helgeringing eller Helgemålsringing. Då ringte ein for å varsle at helga starta, og at arbeidet skulle få kvile. Ein ringte også når helga var over, og kvardagen byrja att.

Aurdal sokneråd tok i 2004 initiativ til å gjera ei prøveordning med å ta opptatt helgeringinga. Dette vart gjort på dugnad. Og fyrste året meldte det seg 8 frivillige. Året etter var talet oppe i 12. 

Ringinga gjekk føre seg laurdag kl. 15.00, og sundag kl. 18.00.

Etter prøveordninga vart det nytt sokneråd, og det nye rådet ynskte dessverre ikkje å vidareføre denne tradisjonen.

Her kan du lesa kva avisa Valdres skreiv om saka 14. januar 2004.