Høgtidsringing

Ved dei store helgenfeiringane, som det i mellomaldaren var mange av, vart det halde vigiliemesser kvelden før sjølve høgtidsdagen/minnedagen. Dette var messer der ein på ein måte rensa seg, avstod frå arbeid og mas og gjorde seg klar til den store festen. Til desse vigiliemessene vart det kima med alle kyrkjeklokkene føreåt. Dei skulle både rense lufta og gje rom for ettertanke og høgtid.

No i vår kyrkje har me ikkje vigiliemesser, men ein nesten 1000 års tradisjon med å ringe kvelden før høgtida, den har me bevara. Hjå oss kimer klokkene éin time på jule- påske, og pinseaftan, i tillegg til timen før gudsteneste på jule, påske og pinsedag.

Mange stader er det kl. 17.00 - 18.00 at ein ringer inn høgtida, men mange stader i landet held ein framleis på det gamle tidspunktet som var kl. 15.00 - 16.00. Dette fall saman med at ein rekna kl. 06.00 om morgonen som den fyrste timen. Då blir den niande timen (none) kl. 15.00. Den niande timen var i fylgje jødisk skikk bønetimen. I klostera hadde ein tidebønen none då. Og i fylgje evangelia, så var det ved den niande timen at Jesus døydde på krossen.

Her kan du høyre eit lite klipp frå høgtidskiminga julekvelden 2014. Det er Henning Andersen og Geir Bjørnødegård som kimer.

Gardsklokkene ringer inn høgtida

Mange stader der dei budde så langt unna kyrkja at dei ikkje kunne høyre kyrkjeklokkene ringe inn høgtida, ringte ein gjerne med gardsklokka. Det er og fortalt om ein gard i Beito, der dei aldri kom seg til kyrkja i jula, grunna lang avstand og mykje snø. Dei hadde ikkje gardsklokke, men sala opp hesten med dombjøllekransen, og jaga den rundt i tunet, medan dei stod og lydde. Slik vart jula ringt inn for dei.

Ein gamal tradisjon med at gardsklokkene overtek og ringer etter at kyrkjeklokkene har ringt inn høgtida høyrer me og om. Her er eit lite klipp frå pinsa 2016, der gardsklokka på Sørei i Aurdal ringer etter at kyrkjeklokkene har ringt.