Klokkespel

Dei fyrste urverka me kjenner til var temmeleg primitive. Det var såkalla vannurverk. Dei kjenner me til frå så tidleg som kring 300 f. Kr. Det var vasstruamen som var drivkrafta – vatnet vart leida ned i eit kar, der det låg ein flotør, med ei oddrett stang. Denne stanga hadde i øvre enden små «tenner» som så gjekk inn i eitt tannhjul med visarar. Nokre meir avanserte vassurverk hadde gjerne ei klokke som slo eitt slag kvar time.

I byane hadde ein gjerne ein vektar som gjekk opp i kyrkjetårnet og slo like mange slag på kyrkjeklokka som visarane på vassurverket synte. På slutten av 1300-talet kom dei fyrste mekaniske urverka, og vektarrolla vart smått om senn endra.

Desse urverka hadde ikkje berre ei timeslag-klokke, men gjerne 4 klokker som spelte ein liten melodi rett før timeslaget skulle koma. Dette for å kalle på merksemd så ein ikkje gjekk glipp av timeslaga. Og det er frå desse fire klokkene at ideen med klokkespelet utvikla seg.

På slutten av 1400-talet var desse fire klokkene vorte til mange fleire, og dei var gjerne utstyrt med eit stokkeklaviatur, omtrent som dei me kjenner frå klokkespela i dag.

Klokkespela vart etablert som eit symbol på økonomisk velferd, og det er t.d. byane i Flandern som har den økonomsike framgangen innan handel og industri på 1400 og 1500-talet. Difor kan ein seia at klokkespelet si vogge stod i Flandern. Kring i verda finst det i dag nærare 600 konsertklokkespel, og 11 av dei har me i Noreg. For at at klokkespel kan kallast eit konsertklokkespel lyt det ha minst 25 klokker (to oktavar) og vera forbunde til eit klaviatur.

Stemming av klokker

Brødrene François (1609-1667) og Pierre (1619-1680) Hemony frå Lotharingen i Nederland var dei fyrste som byrja stemme klokker. Stemming gjer ein ved å dreie av metall frå innsida av klokkene.