Sjeleringing

Ein ringeskikk som oppstod utover mellomaldaren var sjeleringinga. Det vart altså ringt sjeleringing fyrst og fremst umiddelbart etter dødsfallet. Dette var berre fyrste ledd i ei lang rekke ringetidspunkt. Det vart ringt når grava vart opna, ved requiemessa og i det grava vart fylt att er jordfestinga. Det vart også ringt på bestemte dagar etter dødsfallet.

Rike og velståande folk kunne gjerne betala i dyre domar for at kyrkjeklokkene skulle ringe vel og lenge, og gjerne mange klokker. Og i byane kunne gjerne fleire kyrkjer bli betalt for å vera med på ringinga.

Tanken med sjeleringinga var at kyrkjeklokkene skulle vera med på å føre sjela til den døde fram til himmelen, og sørge for at vonde makter ikkje kom til å hindra vegen.

Reformasjonen sette ein stoppar for dette, i alle fall på papiret - sjeleringinga auka på, og nådde kanksje eit høgdepunkt på 16- og 1700-talet.

I enkelte kyrkjer i den lutherske verda, ringes framleis kyrkjeklokkene når nokon er død. Særleg er dette godt kjent frå Danmark.

Sist ein nytta sjeleringing i Noreg, var i høve dødsfallet og gravlegginga av kong Olav V i 1991.

Sjeleringing i Aurdal i 1688

Frå Kirkestolen 1682 - 1723 (rekneskapsboka for stavkyrkja i Aurdal) fortel fylgjande for året 1688:

Udj indeværende aar er paa Gulvet, nedre ved den store kirchedør, udj barjord nedsat Capellanens hr. Hans Pedersens kierestes liig, derfor betalt for Jorden, 6 rd. For de 3de største klocker á 1 ort, 8 sk. oc 1 rd.