Kling no klokka - ring og lokka....

Campanula Rotundifolia

I uminnelege tider har kyrkjeklokkene ringt og kalla oss saman i glede og sorg, til kvardag og fest, i helg og sykne.

Klokkene har ringt sola opp, og sola ned, ringt når dei små har vorte bore til dåpen, og når graver har vorte grave, og den døde skulle i jorda. Kyrkjeklokkene har fulgt oss frå vogge til grav, og så og seia vore som pulsslaga i livet vårt.

Mykje har endra seg opp gjennom åra sidan dei fyrste kyrkjeklokkene ringte utover landet. Men klangen, kunsten og handverket har me framleis - ein liturgisk funksjon, og eit levande og ubrote 1000 år gamalt tradisjonshandtverk.

På 500-talet kom ei klokke over havet frå Carthago til Campania. Og derifrå har me fått ordet CAMPANOLOGI, altså læra om klokker.

Songen om Lomiskyrkja

Lomen stavkyrkje i Vestre Slidre fekk ein song skrive til seg ein gong. Det var Gullik Teigstol som dikta songen. I siste verset står det:

Dei klukkudn gjeva slek underle klang,
når væle bi tung o bæra.
Ner skrøtten bi tung, o tié bi lang,
Hjå Gud e dæ best o vera.

Skrautvålskyrkja

Det blir fortalt at ho Guro Ljøseng frå garden Ljøseng, ein imbereftag skulle gå på stabburet etter flatbrød. Ho gjekk kippskodd. Ho kom alder innatt. Dei trudde då at ho var bergtaken. Dei ringde med kyrkjeklukkene i Skrautvålskyrkja i tre dagar til ende, og ein høyrde klokkene song:

Ding dang, dalang. Tøsstein, Langbein. Guro Ljøseng.

Men kor mykje dei enn ringde, så kom ho Guro ikkje utatt. Så var det Imbereftan neste år at han Hanse-Jakup gjekk etter vegen. Så såg han med eitt eit stort fylgje koma ridande. Han vart skremt og kasta seg ned på bakken og strekte ut armane slik at han låg som ein krøss. Dette var rett utanfor skigarden på Ljøseng. Fremst i fylgjet kom ridande ein blåkledd mann med føta så lange at dei subba bakken. Og ein nase så lang at han rakk til midt nedpå salknappen. Han skriek: ”Nei, uff. Sjå der e ein krøss!” Så kom ho ridande fram, ho som rei til slutt. ”Å, nei. Dette e nok ingen krøss. Dette e berre han Hanse-Jakup d.” Og no drog han Hanse-Jakup kjensel på jenta. Det var ho Guro Ljøseng. Ho fortalde at han som rei fyrst var Han Tøsstein Langbein, mann henne. Likeins sa ho: ”D va gødt dø held upp med ringingen då dø gjorde. Då va e komin ratt innåt garde på Ljøseng. Ha dø ringt lité te så ha e kome heilt heim, men då ha e kji fått ein helsedag meir. No e e kjeringe hass Tøsstein, o e leve so gøtt so dæ vøre jul heile åré. Det einaste e det at e går her kippskodd og frys på føto.”