Klokker for fred

Etter at reformasjonen var eit faktum, heldt me likevel på mange av ringeskikkane frå katolsk tid. Ein av dei skikkane var Angelusringinga. Men den fekk vart no ei ringing for fred.

Kyrkjeklokker har jo som kjent vore ettertrakta i krigsindustrien - i krig vart kyrkjeklokkene smelta om til kanonar, medan i fredstid vart kanonane smelta om til kyrkjeklokker att.

Me kjenner til klokka: Liberty Bell som heng i State House i Independence Halli Philadelphia, Usa. Klokka ringte då uavhengigheitserklæringa vart forkynt i 1776.

Ei anna kjent klokke er Freiheitsglocken i Rathaus Schöenberg i tidlegare Vest Berlin. Denne klokka vart støypt i 1950 i London. Ho vart så frakta til New York City. Sidan besøkte den 21 amerikanske byar, og innbyggjarar i heile USA vart oppmoda om å skrive under på friheitserklæringa. 20 oktober 1950 kom ho til Berlin, og vart hengt opp i Rathaus Schöenberg. Fyrste gong ho ringde var FN-dagen, den 24. oktober 1950. Sidan har denne klokka ringt kvar syndag kl. 12, og det har vore kringkasta i Deutschlandradio Kultur. Elles har klokka vore nytta til ringing i høve større markeringar opp gjennom tidene. I nyare tid ved gjenforeninga i Tyskland i 1990, og 11. september 2001 for å minnast terroren i USA. 

Friheitsklokka på Akershus festning

I Romerikstårnet på Akershus festning heng Liberty Bell – friheitsklokka. Den vart støypt av Olsen Nauen Klokketøyperi i Tønsberg i 1909. Denne klokka var ei gåve frå norske damer i Brooklyn. Klokka vart gjeve i gåve til minne om unionsoppløysinga 7. juni 1905. Det var arkitekt Sinding-Larsen, han som stod for mykje av restuareringsarbeidet her på festningen, som i si tid teikna denne klokka.

17. mai 1909 kunne Oslos borgarar for fyrste gong høyre klokka.

Klokka blir i dag ringt nyttårsaftan, 17. mai, 7. juni, og ved fredsprisutdelinga.

På ein trebjelke i klokkestolen, står det skrive inn to vers som vart skrive av BJørnstjerne Bjørnsson:

Höjt fra graahvite AKERSHUS
hilser en malmstærk klokke-brus
syvende juni. En tone krans
flettes i luften av stormgang og glans.
Gjenlyden jubler fra fjæll til fjæll:
det er den store LIBERTY-BELL

Klokken kom sejlende over hav.
Norske kvinner og mæn den gav.
Længsel til Norge har klokken stöpt,
Deri er troskap smæltet og svöpt,
klangen av fryd over Norges held;
derfor den döbtes: LIBERTY BELL.

I retningslinene for bruk av kyrkjeklokker står det tydeleg i §11 Annen bruk av kirkeklokkene, at klokkene er til kyrkjeleg bruk, og ikkje skal nyttat til å deltaking i askjonar eller støtte til demonstrasjonar. Dette kan vera eit uklart punkt. Mange stader nyttast kyrkjeklokkene utover dei kyrkjeleg handlingane. I etterkant av både 9/11 og etter terroren i Oslo i 2011, vart det spontant laga rosetog, minnemarkeringar og minnegudstenester/minnesamlingar, både i og ved kyrkjer, grendehus eller andre samlingsstader. Mange stader nytta ein kyrkjeklokken i starten på desse markeringane, uavhengig av om det var i kyrkjeleg, kommunal, eller i meir privat-spontan regi. Ein støtta seg på dette med at kyrkjeklokkene til alle tider har vore viktige nyheitsformidlarar i tillegg til den kyrkjelege bruken. Klokkene varsla krig og katastrofer, brann og til mobilisering. Mange kyrkjer har eigne stormklokker som ein nytta ved dårlleg vær. Mange stader er det fortalt at ein gjerne ringte med kyrkjeklokkene om uvær var ventande. Både for å varsle, men og for å ringe for å hjelpe folk til å finne retningen, om skodda låg tjukk. Dette finn me også att når det gjeld bruken av gardsklokker. Særleg er dette nemnt om gardsklokka på Fokkstugu på Dovre.

#Bells for Aleppo

Norske kirker ringer for Syria og Irak
19.10.2016

Bispemøtet og Kirkerådet oppfordrer alle kirker til å ringe med klokkene førstkommende søndag klokken 13.

- Som en del av den verdensvide kirke oppfordrer vi til forbønn og klokkeringing i solidaritet med Syrias og Iraks lidende folk, sier preses Helga Haugland Byfuglien.

Bispemøtet og Kirkerådet oppfordrer til ett kvarters klokkeringing i etterkant av gudstjenestene søndag 23. oktober, fra kl 13.00 til 13.15. De oppfordrer også menighetene i denne søndagens gudstjeneste til å be særskilt for Syria og Irak.

- Den norske kirke vil være med på å slå alarm om situasjonen for sivile i Aleppo. Derfor ringes det med klokker, sier Kirkerådets leder, Kristin Gunleiksrud Raaum.

NRKs TV-aksjon
Denne søndagen er det også NRKs TV-aksjon, som i år støtter Røde Kors og blant annet deres arbeid for å skaffe mat, vann og medisiner til millioner av nødlidende mennesker i Syria.

- Ringingen med alle landets kirkeklokker vil også være med på å understreke betydningen av TV-aksjonen og engasjementet den skaper, sier direktør i Kirkerådet, Jens-Petter Johnsen.

#BellsForAleppo
Søndagens klokkeringing i Norge knytter seg opp mot #BellsForAleppo, der kirker ringer med sine klokker for ofrene i Aleppo. Det hele startet sist uke i en kirke i Finland. Flere kirker ble med, ringingen spredte seg til flere land og i følge Kirkenes verdensråd er nå 450 kirker på fire kontinenter med.

Det er svært sjelden at norske kirker bruker kirkeklokkene utenom gudstjenester og kirkelige handlinger, men Bispemøtet og Kirkerådet kan i spesielle situasjoner anmode om dette.