Soga seier....

Biskop Paulinus frå Nola i Campania i Italia gjekk ein dag ute og rusla etter vegen. Han hadde lenge gått og tenkt på å at det måtte kunne finnast eit eller anna slag instrument han kunne bruke til å kalle dei kristne inn til gudstjenster. Mens han gjekk der etter vegen kom ein engle til syne. Den rørte ved ein liten blomst i vegkanten, og plutseleg ga blomsten frå seg ein flott og klar lyd. Paulinus fekk då det synet han trengte. 

Paulinus frå Nola - 354-431
Paulinus frå Nola - 354-431

Campanula Rotundifolia

Biskop Ansgar - Nordens apostel


Ansgar var truleg fødd 8. september 801, og døydde 3. februar 865. Han var erkebiskop av Hamburg-Bremen. Han er kanskje mest kjent for misjonærvirket sitt i Norden. Ansgar er skytshelgen for Skandinavia, den danske kirke og for Hamburg erkebispedømme. 

Ansgar fekk mellom anna bygd kyrkje i Birka i 830, og seinare ei kyrkje til Hedeby (no i Sleswig Holstein) i 848. I båe desse kyrkjene høyrer me om kyrkjeklokker. 

Hedeby i Danmark, Birka i Sverige, og Skiringsal, den norske kaupangen nær Larvik, hadde viktige handelsforbindelsar denne tida. Med kyrkjeklokker både i Hedeby og Birka, kan det ikkje ha vore tvil om at det også må ha vore kyrkjeklokker i Noreg.

Hedebyklokka

Då havnebassenget i Hedeby skulle gravast ut på 1960-talet, fant ein der ei klokke. Denne hadde delvis bevara klokkeoppheng. Klokka er svært tynn i godset, og har ingen spor etter slitasje. Truleg har klokka aldri vore ringt. Kvifor denne havna i vatnet er det ingen som kan gje eit sikkert svar på i dag. Klokka heng no på vikingmuseet i Hedeby (på tysk: Heithabu).

Campana - Kampanologi 

Ein reknar at klokkestøypinga si vogge stod i Asia for om lag fem tusen år sidan. Korleis kyrkjeklokkene har vandra frå vogga i Asia og til Noreg finst ikkje eitt klart svar på, men éin spreiingsveg som er interessant for kyrkja sin del, er vegen frå Asia gjennom Midtausten, til Egypt og vidare til oldtidsbyen Karthago i nærleiken av Tunis. Derifrå var det ikkje langt over lite over til Italia og nærare bestemt til Campania. Tidleg på 500-talet skal ei klokke ha kome den vegen. Vidare ifrå Campania har vel vegen vore stutt oppover til Europa mot Norden. Keltarane var kjente som gode bronsestøyparar, og dei hadde eit stort rike som strekte seg heilt til dei britiske øyane. Kan vikingane som plyndra klosteret i Lindisfarne i 793 fått med seg ei klokke heim til Noreg? Eller var det, som Biskop Ansgar i Hedeby, som fekk klokkene til Norden og dermed Noreg? Eller kan klokkene ha kome frå fleire stader?

Campania er i dag namnet på eit fylke i Sør-Italia. Både Napoli, Pompei og Nola ligg i dette fylket. Og det var ifrå Nola biskop Paulinus hadde sitt opphav.

Klokkestøyping i mellomaldaren

"Schedula Diversarum Artium" finst i dag i det østerrikske nasjonalbiblioteket, Codex 2527

Theophilus Presbyter ca. 1070-1125) er truleg ein forfattar som under pseudonym samla og ga ut ein latinsk tekst med detaljerte forklaringar av ulike middelaldererske kunsthåndverk. Teksten vart kalla Schedula diversarum artium (Liste av ulike kunstarter).  Ein av tekstane inneheld svært detaljerte forklaringar om klokkestøyping. Såpass detaljert at ein reknar det som truleg at denne Theophilus må ha vore ein praktiserande klokkestøypar. Mykje tyder på at Theophilus var benediktinarmunk frå klostereti Helmershausen. Benediktinarmunkane har vore kjente for å ha vore dyktige handverkarar. Verket til Theophilus er den  eldste nedteikninga om klokkestøyping me kjenner. Interessant nok er det svært lite som skil klokkestøyping frå då til no.

Kven støypte dei fyrste klokkene?

SIGILLVM BENEDICTI CAMPANANI - 
Benedikt klokkestøypars segl på ei klokke
frå Jondal kyrkje. 

Me kjenner til at kyrkjeklokker var noko av det fyrste liturgiske utstyret ei ny kyrkje skulle ha. Eit par døme på det: Då den nye kyrkja i Birka var ferdig bygd i 830, ynskte abbeden i klosteret i Fulda å gje ei stor og ei lita klokke til vigslinga av kyrkja. Klosteret i fulda, som vart vigsla i 800, fekk 4 store, og ei lita klokke til si vigsling. Her heime kjenner me til at det i Frostatingslova (ca 1000 - 1274) står: «Klokke skal alle menn i fylket kjøpa til kyrkja si for tolv øyrar. Men om ho ikkje er kjøpt innan tolv månader, er dei skyldige tre merker i straff til biskopen. Og om det ikkje vert gjort, eller ein mann dreg seg unna, skal det bøtast tre øyrar til biskopen.» Truleg kan det ha vore munkar ved dei store klostra i Europa som stod for klokkestøyping i den tidlegaste tida. Men etterkvart som kyrkjebygginga skaut fart på 11- og 1200-talet, kan det tenkjast at munkar reiste rundt ilag med kyrkjebyggjarane, og støypte klokker der kyrkjene skulle byggjast. Seinare utover mellomaldaren dukka klokkestøyparar opp også utanfor klosterordenen.

Berre unntaksvis kjenner me namn på klokkestøypar eller årstal for dei aller eldste klokkene våre - 1000-1100. Men frå andre halvdel av 1100-talet byrjar både norske(?) og utanlandske namn å dukke opp på klokker. 

Denne klokka med runeinnskrift hang i den gamle stavkyrkja i Aurdal. Den danske oldtidsforskaren Ole Worms frå Danmark, teikna opp klokka og runene på 1600-talet. Runene tyder: KUÞMAN KERÞE MIK (Gudmann gerði mik)  - Gudmann laga meg. Den norske språkforskaren Sophus Bugge (1833-1907) tidfestar innskrifta til midten av 1100-talet.

I stupulen ved Heldalen stavkyrkje i Valdres heng denne klokka. Ho har fylgjande innskrift: NICOLAVS ANGELVS ME FECIT. Det tyder: Nicolaus engelskmann laga meg. Klokka bér teikn på å vera frå 1300-talet, og me kjenner til at det då var handelsforbindelsar med kyrkjeklokker mellom England og Noreg. I Sussex i England fantes det ein kjent klokkestøypar med namn Nicolas le Rous. Han døydde i 1361. Kan det vera han som er klokkestøyparen? I Danmark fantes det også ein Nicolas som støypte klokker på denne tida. Kan det vera han? Det merkelege er at ingen av desse to Nic(h)olas'ane har klokker som minner om fasongen på klokka i Hedalen. Er det fordi rett og slett ingen av dei har støypt Hedalsklokka, eller er det fordi klokkestøyparen reiste til Hedalen og støypte klokka der, utan å ta med sjablonar og anna støypeutstyr han brukte til sine andre klokker?

Her ser me nærbilde av innskrifta på 1300-talsklokka frå Hedalen stavkyrkje. Legg også merke til mønsteret på kronearmane på klokka. 

Klokketypar

Kyrkjeklokker har som alt anna vore gjennom utvikling. Og sidan dei fyrste kyrkjeklokkene vart laga for over 1000 år sidan, har mykje skjedd. Sjølv om produksjonen av klokkene på mange måtar er den sama i dag, har fasongen på klokkene vore gjennom store endringar. I kampanologien deler me klokkene gjerne inn i tre hovudgrupper - Bikubeklokke, Sukkertoppklokke, og Harmoniske klokke. For desse tre hovudtypane finst det både undergrupper og overgangsformer. Difor kan det i blant vera vanskeleg å tidfeste ei klokke. Ein må sjå på både fasong, krone, innskrifter, vinkel på slagringen, og ikkje minst kan ei klanganalyse av overtonene i klokka vera ein god markør. 

Bikubeklokke

Blir også kalla Theophilusklokke eller Hedebyklokka. Frå 900 - 1100-talet. Denne klokkeforma er ganske tynn i godset, har tynne og spinkle kronearmar. Lyden er ikkje nødvendigvis "klokkeklar".

Sukkertoppklokka

Seinromansk klokke - 1100-1300-talet. Denne klokka er tjukkare i godset enn forgjengaren. Ho er også høgre i forhold til diamenteren på munningen. Krona er kraftigare, og meir egna til lengre og pendulerande ringing. Overtonane er litt meir "ordna" enn tilfellet er hjå Bikubeklokka.

Den harmoniske klokke

Gotisk profil - 1300-talet og fram til i dag. Denne klokka har meir "harmoniske" former - noko som kjem tydeleg fram i overtonerekka. Denne klokketypen fekk kanskje sitt verkelege gjennombrot med den nederlandske klokkestøyparen 
Geert van Wou (1450-1527).  

Klang og overtoner

Det som gjev kyrkjeklokkene den særmerkte og nesten mystiske klangen, skuldast overtonane. Når kolben slår mot slagringen på klokka, høyrer ein ikkje berre éin tone, men ein heil serie med tonar. Klokkeprofilen/rippa/formen har mykje å seia for overtonane, kor framtredande dei er. I ei klokke med harmonisk profil, kan eit trena øyra gjerne høyre 5-6 tonar. Det er fyrst og fremst slagtonen, så høyrest underoktaven. Den neste overtonen er molltersen over slagtonen, så kvinten, og så overoktaven.

I dag blir ei klokke støypt med for låg tone, slik at ein kan kan setja klokka i ein dreiebenk, og dreie av gods frå innsida. Då kan ein stemme klokka. Dei ulike overtonane har si plassering, og ein dreier då av på ulike stader, ettersom kva for tonar en skal stemme.

Stemming av klokker

Brødrene François (± 1609-1667) og Pierre (1619-1680) Hemony frå Lotharingen i Nederland, utvikla ilag med fløytisten og klokkenisten Jacob van Eyck (±1590-1657) ein metode å stemme klokker på. Ein spente klokkene fast i ein dreiebenk, og dreia av metall frå innsida. Det fyrste klokkespelet med stemte klokker leverte dei i 1644. I si tid laga dei heile 51 klokkespel. Mange av dei er framleis i dagleg bruk. Etter Hemonybrødrene si tid gjekk kunnskapen om stemming av klokker over i  gløymeboka. Men på slutten av 1800-talet/byrjinga av 1900-talet, fekk klokkstøyparane ny kunnskap om stemming av klokker. I dag er det mogleg å stemme overtonane i klokka med ein reinleik på +/- 2/100 av ein halvtone.