Gardsklokker

Gardsklokker - stabbursklokker - matklokker - grautklokker....

Teksten her er henta frå Årbok for Valdres historielag i 1998:

Klangen som stilna

Sluttnotat om gardsklokkeprosjektet i Oppland.

Av Knut Anders Dæhli og Henning Andersen

INNLEIING

For nokre år sidan vart det teke initiativ til at historielaga i Oppland skulle få til ei registrering av brukstradisjonane av gardsklokker i Oppland. Grunne til dette var at me såg det som viktig å få skrive ned det folk enno kunne hugse om bruken av klokkene, slik at opplysningane kan bli bevara for framtida.

Denne artikkelen er berre eit enkelt samandrag av det innsamla materialet. Det heile vil frå no av vera å finne i Opplandsarkivert der historieinteresserte kan studere det innsamla materialet og gjera seg nytte av det på den måten som passar dei best.

Nesten alle historielaga har hjelpt til og det er enno ikkje for seint å koma med opplysningar, men desse må då sendast til Samarbeidsrådet for historielaga i Oppland eller direkte til Opplandsarkivet på Maihaugen/Valdres folkemuseum.

Til saman i heile fylket er det registrert 512 klokker. Av desse er 8 frå Vestre Slidre, 8 frå Øystre Slidre, 7 frå Nord-Aurdal, 5 frå Sør-Aurdal og 15 frå Etnedal. I Vang har dei derimot ikkje ei einaste klokke. Klokker innkjøpt no i seinare både på gardar, eller på skuler eller på hytter er ikkje take med i denne registreringa. Dei har ikkje noko med gardsklokketradisjon å gjera. Heller ikkje kyrkjeklokkene har me take med her.

OPPRINNELSE

Me kan vel rekne med at opprinnelsen til gardsklokkene lyt ha vore kyrkjeklokkene. Det er vel i dag vorte ei vanleg oppfatning at kyrkjeklokka høyrer saman med den kristne gudstenesten. Klokkene har vorte ein tradisjon, og me kan vel neppe tenkje oss ein gudsteneste utan klokkeringing.

Historia om korleis klokkene vart til er mange, alt frå blåklokker til smidde jarnplater. Alt på eit svært tidleg stadium har dei gamle bronsestøyparane funne ut at ei skål eller ein vase støypt i bronse gav frå seg ein kraftig, klar og vakker klang. Den eldste støypte bronseklokka me har i dag er berre 8 cm høg og har ei sylindrisk form. Den vart grave fram i Ninive (den gamle hovudstaden i Asyria, ved austbreidda av Tigris). Alderen på klokka er vorte sett til om lag 3000 år.

Klokkestøypinga si vogge var i Asia. Og herifrå har spreiinga truleg gått føre seg via tre vegar. Keltarane som er kjent som dyktige bronsestøyparar har ført kunsten med seg over Italia og til Skottland og Irland. Ein almen spreiingsveg er frå Asia forbi Svartehavet, gjennom Russland og opp til Norden. Ein tredje veg går frå Asia til Nord-Afrika og denne har stor interesse for den kristne kyrkje si nytting av kyrkjeklokker, ettersom det er funne prov på at dei fyrste kyrkjeklokkene vert innførte i år 535 frå Karthago til Italia. (Karthago, handelsby i oltida på nordkysten av Afrika, i nærleiken av Tunis.) Hit til Norden kom klokka svært tidleg og det skal være "Nordens apostel" biskop Ansgar som i år 830 innførte bruken av klokka i Danmark og Sverige.

På byrjinga av 700-talet fekk ein små klokketårn til å henge klokkene i, dei såkalla "kampaniler" av lat. campana, klokke (derifrå kjem og ordet kampanologi, læra om klokkene) jfr. vår klokkestupul.

Av alle dei skikkar som kristendomen førte med seg så er det vel få som gjorde eit så sterkt inntrykk som ringing med klokker. Difor meinte dei gamle, at når kristendomen vant fram her i nord, så var det skuld i at den vart ringt inn i sinna på folket.

Skikken med gardsklokker ser ut til å ha komme til Oppland kring 1800. Nokre få er tidlegare m.a. i Fåberg er ei klokke støypt av E. Rønning i Christiania i 1786 og ei anna har årstalet 1793. I Gausdal har eit klokketårn årstalet 1768 på vindfløya, men klokka som hang i det tårnet er i dag borte. I Etnedal er ei klokke av Erich Schmidt i Christiania datert til 1769, men det står eit spørsmålsteikn etter dette årstalet på skjemaet. Me veit heller ikkje om Schmidt dreiv so tidleg, men at det finst mang seine klokker etter han frå kring 1800. Elles aukar talet på klokker jamt og trutt utover 1800-talet og fram til kring 1920 åra. Etter dette er det sjeldan med nye klokker, men det kom på moten att å få seg gardsklokke i 1980 og 1990 åra. Men desse klokkene er ikkje teke med her. Eit interessant trekk ser ein også i Øystre Slidre og i Sel i Gudbrandsdalen der mange av klokkene er samla i ein liten del av kommunen, medan reisten er meir spreidd utover. Dette med gardsklokker var nok og eit motefenomen som slo sterkare rot i ei bygd enn ei anna bygd.

FUNKSJON OG BRUK

Klokkene hadde til oppgåve å kalle folk saman. På store gardar med mange arbeidsfolk var dette ein enkel og grei måte å kall folk saman på.

Mest var det til måltid at klokkene vart nytta. Dei fleste seier: dugurd, middag og kveldsmat. Det er noko sjeldnare at det vart ringt ut etter måltida, men me har belegg for det og. Ein stad ringde dei og til kaffi. Dette var som regel 10 min. før pausa var slutt. På gardar der dei ikkje hadde eige gardsklokke høyrde dei etter klokka på grannegarden. Det vart og på nokre få gardar ringt når arbeidsdagen var slutt. Mange oppgjer at klokkene berre var i bruk når det var onnearbeid på jordet. Andre seier at klokkene berre vart nytta på sumartid, medan andre fortel at det vart ringt heile året. Enkelte seier at klokkene var i bruk frå sumardagen (14. april) og til vinterdagen (14. oktober). Det var elles berre midt i veka at matklokka / gardsklokka vart nytta. I helgene hadde folk fri og dei skulle kvile. Var det likevel naudsynt med arbeid i helgene kunne ein få slå nokre få "klunk" med klokka.

Vinterbruk av gardsklokker var meir sjeldan, men nokre få stader var det vanleg. Særleg i Skjåk i Gudbrandsdalen. I Lom var det ein gard der klokka vart nytta når det var folk på skogsarbeid.

Mange stader hadde gardsklokkene andre bruksområde og. I likskap med kyrkjeklokkene kunne dei varsle om krig og ulukker og om brann. Det er i kjeldene mange konkrete døme på at gardsklokka vart brukt til brannvarsling. Strenge reglar for ringing laut mange stader til, om klokka hadde ulike funksjonar. Fleire stader vart og ein spesiell måte å ringje på nytta når ein ville ha tak i dyrlegen, eller når karane ute på jordet skulle hjelpe til ved kalving.

Ein bonde på Dovre hadde ein hest han leigde bort til ein annan gard i bygda. Når eigaren av hesten ringde med gardsklokka stoppa hesten i arbeidet slik han var van med. Han trudde det var pause på den garden og, sjølv om bonden hadde andre planar. Ein har fortalt noko liknande: når den bortleigde hesten høyrde matklokka på garden der han kom frå, sette han i og sprang heim. Han skjønte då at arbeidsdagen var slutt. Dette med at hesten stoppa i arbeidet når gardsklokka ringde går att i heile fylket vårt.

Ringing ved høgtider var og ein del i bruk. I pinsa var det vanleg å ringje, men meir sjeldan til jul og påske. Dei som stort sett bruka ringje inn høgtida med gardsklokkene var dei som budde så langt unna kyrkja at dei ikkje høyrde kyrkjeklokkene ringje. Dette med at gardsklokka ringde inn høgtida ser vel ut til å vera ein nyare ringeskikk. Enno er det nokre gardar som held på den skikken, sjølv om det er svært få. Som ein kuriositet kan nemnast at bondelaget i Lunner på 60 - talet oppmoda alle om å ringje inn pinsa. I Ringebu vart ei klokke nytta som flyalarm under krigshandlingane i 1940. Men og andre stader kunne klokkeklang bety liv eller død.

På Fokstugu fjellstue har det sidan 1877 vore gardsklokke. Og frå Marit Sønstebø frå Fokstugu har me fått eit brev som me her vil gjengje noko frå:

"Hvert år, presis klokken fem om julekvelden, ringte far min julen inn. Han sto i ulveskinnspelsen sin, og klokka kimet utover alle fjell og vidder. Det samme gjentok seg nyttårskvelden når far ringte inn det nye året. Dette var vår kirkeklokke.

Om vinteren når uværet ulte og stormen raste i fjellet ble det ringt med klokka når vi visste at det var fórkjørere fra bygden på heimtur fra sætrene. Det hendt også at det kom en og anne luffer traskende over fjellet midt på harde vinteren. De hørte lyden fra gardsklokka og fant inn på tunet selv om de ikkje så noe i uværet. .... Klokka vår ble tatt ned av tyskerne under krigen, men far min klarte å få den tilbake til garden. Da hadde den fått en smell. Til tross for flere forsøk på å sveise den, ble den aldri som før. Vakkerklangen var borte."

På ein gard i Lom i Gudbrandsdalen ringde dei gjerne så kraftig med klokka at ho svinga heilt rundt eit kast og klokkereipet vikla seg kring akslingen. Fekk dei ikkje då ringt klokka slik at ho tippa attende, laut dei klatre opp på taket og vippe henne nedatt. Til dette føremålet stod det alltid ein stige opp mot stabburtaket.

RINGEMÅTAR

Korleis vart det ringt?

Mange stader hadde dei sine spesielle ringeteknikkar som gav ein sereigen klang over bygda. Andre hadde ingen slik teknikk, men ringde meir vilt. Diverre er mange av ringeteknikkane gløymde.

Ringing med gardsklokke/matklokke var som oftast kvinnfolkarbeid. Det var anten gardskona, kokka eller innejenta som hadde denne jobben. Mange stader var det slik at berre den som verkeleg fekk til ringinga skikkeleg fekk nærme seg klokkereipet. Dei einskilde ringjarane hadde sin særmerkte måte ringje på, og folket i bygda la merke til dette, og kunne høyre kven som drog klokkene. Kor lengje det vart ringt om gongen varierar svært mykje. Alt frå eit halvt minutt. til 5 min. På Sørre Haugsrud i Begnadalen er det fortalt at det inn til mat vart ringt, mens det var klunka 3 gonger når matkvila var over.

Det som i hovudsak var "teknikken" var å dra vekselvis hardt og lett i klokkereipet. Dette å ikkje ringje klokka høgre opp enn at bellen berre slo til den eine sida av klokka var ein måte, eller at ein bråstoppa klokka slik at det kom eit svært kraftig slag, for så å ringje vanleg att å få mjuke lette slag. (Ein slik måte var svært uheldig, då klokka ofte kunne sprekke.) Andre har fortalt at ved å ringje klokka fort og høgt fekk dei dobbeltslag. Ved å få dobbeltslag døyver ein litt av klangen i klokka, og ho kunne ikkje høyrast så langt. Kanskje var dette noko av meininga, at klokka ikkje skulle høyrast av andre enn dei som til vanleg skulle fylgje henne.

Svært vanleg var det at ein ringde slik at ein fekk enkeltslag på eine sida og dobbeltslag på den andre. Det var og lagt merke til korleis folk både starta og stoppa klokkeringinga. Det vanlegaste var å "ringje klokka opp," det vil seia at ein startar forsiktig med å få klokka i sving, slik at ein har rette farten før bellen slår atti klokka. Det sama gjeld når ein skal stoppe. Då lyt ein ringje klokka nedatt. Ein saknar farten før ein stoppar. Då høyrest det ut som om klangen sakte og forsiktig forsvinn i lufta.

Mange har skrive at det vart nytta "taktringing". Det vart gjort ved å veksle mellom hardt og lett drag i reipet. På nokre av skjema står det at det vart ringt "tung- to korte" eller "ein tung og to korte" eller rett og slett "tung, lett-lett" På eit skjema frå Øyer i Gudbrandsdalen står det at det vart ringt i valsetakt. På Steig i Sør-Fron var det enkelte som dansa masurka etter klokkeringinga. Slik taktringing er det opplyst om i alle delar av fylket.

I Skjåk vart og klokkene nytta for å varsle når det skulle tennast røykmiler til vern mot frost om hausten. Det var særleg under krigen at dette vart gjort.

Under krigen fekk ein ikkje ringje med kyrkjeklokkene, men gardsklokkene var mange stader nytta i staden.

Nokre stader har folk sagt at dei kunne høyre på ringinga kva det var til mat. Dei kunne og høyre om kokka var raus eller om ho var knipen i kosten.

Kva for ein teknikk eller tradisjon dei nytta har svært mykje å gjer med korleis klokka er hengt opp. Klokka kunne anten vera opphengt på ein rett aksling eller ein vinkelaksling. Ved rett aksling vil bellen/kolven fylgje klokka i slagretninga, og slå atti kanten i det klokka er på retur. Dette er ein noko tyngre måte å ringje på. Ein lyt arbeide meir med klokka, men samstundes er det den måten som gjer at ein får best kontroll over ringinga. Ein har lettare for å variere ringinga. Med vinkelaksling vil bellen nesten stå stille, medan klokka slær frå den eine til den andre sida. Slaget vil her vera mykje hardare. Klokka blir lettare å ringje, men ein får ikkje den kontakten og kontrollen.

Klangen i klokka hadde sjølvsagt og noko med kor stor klokka var og kva for legering ho var støypt av. Vanlegast er/var det med ei legering av 22% kopar og 78% tinn. Andre legeringar har og vore nytta, men denne oppskrifta er vel den mest vanlege. Det var den som oftast vart nytta i kyrkjeklokkene. Nokre gardsklokker var og laga av jern. Men desse fekk ei stutt levetid. Det var ein svært dårleg og skarp klang.

Når klokkene slår, anten det er små gardsklokker eller større kyrkjeklokker, høyrer ein ein heil serie av tonar, det er det ein kallar partialtonar (naturtonerekkja.) Men slagtonen er den fyrst tonen ein høyrer og det er den som er grunntonen i klokka. Den overtonen ein høyrer kraftigast er ein mollters over slagtonen. Det er denne tonen som gjer klokkene den karakteristiske høgtidlege og alvorlege klangen. Det er og den molltersen som skil klokker frå andre musikkinstrument. Det er eksperimentert ein del med utrekning av klokkeprofilar ved hjelp av avanserte dataprogram. Resultatet har vorte ei såkalla "durklokke." Denne klokka skil seg så mykje frå den tradisjonelle klokka, både visuelt og klangleg, at det mest er å rekne som eit heilt nytt instrument.

SEGNER, RIM OG REGLER

Valdres er eit distrikt med svært mange kyrkjer, og då mange kyrkjeklokker. Det knyter seg segner og klokkelåttar til dei fleste av kyrkjeklokkene. Noko det og gjer til gardsklokkene.

Ein har ofte tillagt klokkene overnaturlege og magiske eigenskapar. I gamle segner og klokkerim/klokkelåttar rekna ein med at klokkene hadde sjel og eigen fri vilje. Dei kunne fortelja om nytt i bygda og om kva som var rett og gale. Om nokon hadde gjort eit brotsverk så sladra ofte klokka om dette.

Frå Jevnaker har me fått inn nokre rim / klokkelåttar som hermer etter gardsklokka:

Ding-dang, klokka på Vang. Kom inn til dugurd og sett i gang. Sur velling og harsk sild, set deg til bordet og ti still!

Ding-dang sa klokka på Vang je sørjer så, je sørjer så for søstra mi ligg i Mjøsa

Frå Gjøvik kjem dette klokkerimet:

Sild og velling i tom tarm, sulten husmann og dreng kom fram.

I Nordre Land sa ei klokke: Sild og velling - Sild og velling.

Frå Øyer: Tomme tarmer kom

I Gausdal kunne gardsklokka seia noko slik som:

"Kom inn nå!" eller "Denge ongan!" eller i verste fall "Dau gammer'n!"

SLUTT OG STILLE

Kvifor vart det så slutt på denne klokkeringinga?

På dei registreringane som er gjort er det tre årsaker som folk reknar opp som grunnen til at ein slutta med gardsklokker. Desse tre årsakene går att i heile fylket. Armbandsuret, traktoren og mindre arbeidsfolk på gardane. Ein seier: "Det vart ikkje nokon å ringje på!" Nokre opplyser at det året dei fekk seg traktor på garden var det slutt med ringinga. Nokre slutta så tidleg som i 1930-åra, medan andre helt tradisjonen heilt fram til kring 1970. Dei fleste slutta ein gong på 1950-talet.

Høgtidsringinga, særleg i pinsa, ser ut til å ha halde seg ein god del lengre. Kanskje var det ei erstatning for den gamle tradisjonen. Det kan i alle fall sjå slik ut på 1960-talet. Men enno er det nokre få som ringjer inn høgtidene med gardsklokka.

I Aurdal er det ein som opplyser at han trong ikkje ringje med klokkene meir då han hadde slutta med husmann. I Søndre Land har ein sagt at matrasjoneringa under krigen var ei årsak. Slutt på storhushaldninga og at arbeidsfolket laut halde mat sjølve er og årsaker som folk har oppgjeve. Færre arbeidsfolk gjorde familiane meir fleksible og måltida var mindre faste.

Generasjonsskifte på gardane kan og sjå ut som grunnar til gardsklokkene gjekk or bruk. Ny folk og nye skikkar kom til. Dårleg vedlikehald av klokketårn og bygningar der klokketårna var festa er og nemnt som årsaker. Eller at bygningane der klokkene var opphengt var nedrive.

Mange stader høyrer me om at kyrkjeklokkene vart tekne ned udner krigen og smelta om og nytta i krigsindustrien. Det same har me og høyrt om for gardsklokker. Dette er og ein årsak til at gardsklokkene tagna.

Kven laga så desse klokkene.

Mange av dei ser ut til å vera laga i Oppland. Den største av klokkestøyparane var Holte frå Toten. Faren Anders og seinare sonen Johannes dreiv med klokkestøyping like til 1920. Ein H. Svenskerud dreiv og på Toten, og i Vardal dreiv ein klokkestøypar ved namn Sjøberg fyrst på 1800-talet. Sundt er nemnt i Fron. Dette er truleg den same Sundt som i 1844 var i Øystre Slidre og støypte fleire kyrkjeklokker. Han var ein omreisande klokkestøypar.

I Fåberg var det på 1800-talet mange gjørtlarar (messingsmedar) og nokre av desse støypte ei og annan klokke. På Elverum var det og klokkestøyparar og frå Oslo eller Christiania kom ein del klokker av Erich Schmidt frå midt på 1700 - talet og fram til byrjinga av 1800-talet. Han skal ha laga svært gode klokker. Namnet E. Rønning finn me og i Christiania frå same tid. Nokre få gardsklokker har me og frå Olsen Nauen i Tønsberg.

Alle desse omtala klokkestøyparane støypte i bronse, men som tidlegare nemnt finst det og klokker laga av jarn. Jarnklokkene hadde ein dårlegare og stuttare klang. Men dei var mykjer billigare. Gjøvik Jernstøberi laga mange slike. Ein del jarnklokker vart og importert frå USA. Dette var nok mest på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900.

Magne heldt på gamle tradisjonar. Eit godt døme på dette er ei gardbrukar i Gausdal som skulle ha seg ny gardskar og som sette ei annonse inn i avisa. Der stod det under: "Gardbrukar utan armbandsur!"

Plasseringa av klokkene

Mange folk kallar gardsklokkene for "stabbursklokker". Men det var ikkje alltid at klokkene var plassert på stabburet. Ikkje alltid hang klokkene i klokketårn heller. I Nordre Land var det på ein gard at klokka hang under låvebrua. Elles var det og vanleg at dei hang på ein vegg oppe under mønet. Viktigast var det å få klokken høgt opp slik at ingen ting skulle hindre klangen i å koma ut. Mange stader har me lese at låvetak, eldhustak, drengstovetak og stalltak har vore vanlege plasseringar. Ei sjelda gong høyrer me om at taket på hovudbygningen på garden vart nytta. Eller klokka kunne rett og slett vera plassert på ein høg stolpe midt i tunet, slik som på garden Lunde i Etnedal.

Når både stall, låve, drengstove og eldhus var overflødige hus på garden vart dei rivne ned og klokkene borte. Ei og annan gong kan me høyre at klokkene sidan har vorte flytta til stabburtaket. Stabburet har mange stader fått overleva.

Notid

Ein del har i seinare tid skaffa seg nye klokker, men berre til pynt. Nokre har sagt at dei ville ha klokke sidan det alltid hadde vore klokke på garden tidlegare. Medan andre har skaffa seg klokke berre for moro.

Av dei gamle gardsklokkene er svært få av dei i sporadisk bruk sjølv om langt dei fleste har tagna. Få av dei nyrare klokkene i denne registreringa er "bruk".

I dag er det så og seia ingen som ringjer inn til mat. Unntaka frå det er i gjestebod eller når det kjem Amerikabesøk. Høgtidsringing er meir vanleg, men og ringing til bryllaup og konfirmasjon, og ei sjeldan gong til gravferd høyrer me om. I dag er det eindel som driv med gardsturisme, og frå nokre av dei gardane har me fått opplyst at gardsklokka til tider er i bruk.

-------

Gardsklokkene har gått or bruk. Men det hindrar oss ikkje å drøyme seg bort frå kvardagens mas og kjas. Sjå attende i tid, då klokkemalmen frå gardsklokkene på garane ljoma utover bygda. Tenk for ein musikk det var. Me kan kanskje sjå for oss slitne onnefolk dansar seg inn til dugurden etter klangen frå gardsklokka. Kanskje skulle me stane opp litt i den hektiske kvardagen vår. Lytte til ekkoet frå farne tiders klokkeom.

Klangen har stilna, men enno lever minna og historiene om ein viktig og svært betyningsfull del av kulturhistoria vår.

Heilt til slutt vil me få takke alle som har vore med og gjort sitt til at denne gardsklokkeregistreringa har vorte mogleg.