I krig og fred, for fare, bøn og håp

Klokker for fred

Etter at reformasjonen var eit faktum, heldt me likevel på mange av ringeskikkane frå katolsk tid. Ein av dei skikkane var Angelusringinga, men den fekk vart no ei ringing for fred.

Me kjenner til klokka: Liberty Bell som heng i State House i Independence Halli Philadelphia, Usa. Klokka ringte då uavhengigheitserklæringa vart forkynt i 1776.

Ei anna kjent klokke er Freiheitsglocken i Rathaus Schöenberg i tidlegare Vest Berlin. Denne klokka vart støypt i 1950 i London. Ho vart så frakta til New York City. Sidan besøkte den 21 amerikanske byar, og innbyggjarar i heile USA vart oppmoda om å skrive under på friheitserklæringa. 20 oktober 1950 kom ho til Berlin, og vart hengt opp i Rathaus Schöenberg. Fyrste gong ho ringde var FN-dagen, den 24. oktober 1950. Sidan har denne klokka ringt kvar syndag kl. 12, og det har vore kringkasta i Deutschlandradio Kultur. Elles har klokka vore nytta til ringing i høve større markeringar opp gjennom tidene. I nyare tid ved gjenforeninga i Tyskland i 1990, og 11. september 2001 for å minnast terroren i USA.

Friheitsklokka på Akershus festning

I Romerikstårnet på Akershus festning heng Liberty Bell - friheitsklokka. Den vart støypt av Olsen Nauen Klokketøyperi i Tønsberg i 1909. Denne klokka var ei gåve frå norske damer i Brooklyn. Klokka vart gjeve i gåve til minne om unionsoppløysinga 7. juni 1905. Det var arkitekt Sinding-Larsen, han som stod for mykje av restuareringsarbeidet her på festningen, som i si tid teikna denne klokka. 17. mai 1909 kunne Oslos borgarar for fyrste gong høyre klokka.

Klokka blir i dag ringt nyttårsaftan, 17. mai, 7. juni, og ved fredsprisutdelinga.

På ein trebjelke i klokkestolen, står det skrive inn to vers som vart skrive av Bjørnstjerne Bjørnsson:

Höjt fra graahvite AKERSHUS
hilser en malmstærk klokke-brus
syvende juni. En tone krans
flettes i luften av stormgang og glans.
Gjenlyden jubler fra fjæll til fjæll:
det er den store LIBERTY-BELL

Klokken kom sejlende over hav.
Norske kvinner og mæn den gav.
Længsel til Norge har klokken stöpt,
Deri er troskap smæltet og svöpt,
klangen av fryd over Norges held;
derfor den döbtes: LIBERTY BELL.

#Bells for Aleppo

Norske kirker ringer for Syria og Irak
19.10.2016

Bispemøtet og Kirkerådet oppfordrer alle kirker til å ringe med klokkene førstkommende søndag klokken 13.

- Som en del av den verdensvide kirke oppfordrer vi til forbønn og klokkeringing i solidaritet med Syrias og Iraks lidende folk, sier preses Helga Haugland Byfuglien.
Bispemøtet og Kirkerådet oppfordrer til ett kvarters klokkeringing i etterkant av gudstjenestene søndag 23. oktober, fra kl 13.00 til 13.15. De oppfordrer også menighetene i denne søndagens gudstjeneste til å be særskilt for Syria og Irak.
- Den norske kirke vil være med på å slå alarm om situasjonen for sivile i Aleppo. Derfor ringes det med klokker, sier Kirkerådets leder, Kristin Gunleiksrud Raaum.
NRKs TV-aksjon
Denne søndagen er det også NRKs TV-aksjon, som i år støtter Røde Kors og blant annet deres arbeid for å skaffe mat, vann og medisiner til millioner av nødlidende mennesker i Syria.

- Ringingen med alle landets kirkeklokker vil også være med på å understreke betydningen av TV-aksjonen og engasjementet den skaper, sier direktør i Kirkerådet, Jens-Petter Johnsen.

#BellsForAleppo
Søndagens klokkeringing i Norge knytter seg opp mot #BellsForAleppo, der kirker ringer med sine klokker for ofrene i Aleppo. Det hele startet sist uke i en kirke i Finland. Flere kirker ble med, ringingen spredte seg til flere land og i følge Kirkenes verdensråd er nå 450 kirker på fire kontinenter med.

Det er svært sjelden at norske kirker bruker kirkeklokkene utenom gudstjenester og kirkelige handlinger, men Bispemøtet og Kirkerådet kan i spesielle situasjoner anmode om dette.

Earth hour

I 2009 vart kyrkjene i Noreg oppmoda om å vera med å ringe med klokkene for å markere Earth hour. Det skulle ringjast 5 min i starten på denne timen. Både Sverige, Danmark og Finland, av våre naboland, var med på denne markeringa.I åra etter dette har mange kyrkjelydar i Noreg fulgt opp og laga arrangement knytt til Earth hour markeringa, der kyrkeklokkene har ein viktig funskjon. 

Rop fra Arktis

I forkant av FN si klimakonferanse i København i 2009, starta ein "stafett". Initiativet var Svalbard kirke, Kirkelig utdanningssenter i nord (KUN), Universitetet på Svalbard (UNIS) og Norsk Polarinstitutt. Stafetten starta med at kyrkjeklokka slo 12 slag laurdag 21. november. 12 slag for fare, men og for bøn, og for å seia at me er i 12. time. Påfylgjande dag var det ringt 12 slag med kyrkjeklokkene i Tromsø domkyrkje, og i dagane fram mot 1. syndag i advent var resten av domkyrkjene med. Så skulle alle landets kyrkje, som hadde gudsteneste 1. syndag i advent, slå 12 slag i høve forbøna i gudstenesta. Det heile enda 13. desember med klokkeringing i København.

Frå kyrkjeklokker til kanonar

Kyrkjeklokkene har vore synlege og hørbare bilete på krig og fred i snart 1000 år, og framleis blir kyrkjeklokkene brukt ved mobilisering. Utover 1500-talet såg ein ikkje lenger på klokkene som hellige og liturgiske gjenstandar, og bruken av dei minka. Dei vart no snøgt offer for krigsherrenes våpenproduksjon. Så på 1500 og 1600 vart det i deler av Europa konfiskert tusenvis av kyrjeklokker, som så vart smelta om til kanonar. Kyrkjeklokkene som altså hadde ringt og forkynt fred, kjærleik og evig liv, vart no plutseleg nytta som drapsvåpen. Men pradoksalt nok, i fredstider var kanonane knuste, og smelta om til nye kyrkjeklokker.....


Glockenfriedhof i Hamburg 

I løpet av andre verdskrigen vart så mykje som 150.000 kyrkjeklokker i Europa samla saman for å bli smelta om til krigsmateriell. Her ser me bilde frå "Glockenfriedhof" i Hamburg - klokkekyrkjegarden. Då krigen slutta var det kring 13.500 klokker som ikkje hadde kome til smelteverka enno. I løpet av dei neste ti-åra kom dei aller fleste klokkene heim til sine kyrkjer. Michaelskyrkja i Hamburg var den fyrste kyrkja som fekk att sine klokker. Det var i 1947.