Linkar og videoar

Ein film om dei to nye klokkene i Aurdalskyrkja.

Kyrkjeklokkene i Aurdal rinte for Notre Dame

Vigsling av kyrkjeklokkene i St. Olav domkirke i Trondheim

Ringar i Hurdal kirke i 80 år

31. desember 1970 Nrk eit innslag med ringaren og kyrkjetenaren Nils Jåterud frå Hurdal. Han ringer i denne reprtasjen nyttåret inn for 80. gong.

Sjå dokumentaren her.

Unge og entusiastiske ringarar i Flostad kyrkje

I 1994 var det ein reportasje i Norge Rundt om to unge klokkeinteresserte gutar frå Flostad i Austagder.
Det var Terje de Groot og Kjell Gaute Hartvigsen. Terje er i dag ein av svært få campanologar i Noreg.

Sjå reportasjen her.

Magnushymnen på kyrkjeklokkene i Vik i Sogn

Ingolv Fjærestad frå Vik i Sogn lærer opp nye ringarar, når ha no skal gå av med pensjon. Her får me høyre at rytmen som kyrkjeklokkene kimer i til høgtida, er den sama som rytmen i den gamle Magnushymnen frå Orkenøyane.

Sjå Norge Rundt innslaget frå 28. november 1997 her.

Nasjonalt seminar for kyrkjeklokker 2018

28. - 29. mai 2018 stod Aurdal sokneråd som arrangør av det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker. Over 100 deltakarar var med å gjorde dette seminaret til ein suksess. Det var føredrag om kyrkjeklokkene si historie, om liturgisk bruk no og då, om klokker, oppheng, drift og vedlikehald, og moglegheiter til å få prøve å ringe dei 4 klokkene i Aurdalskyrkja. Veka før seminaret, var det transportable klokkespelet frå Løgumkloster kirkemusikkskole i Danmark rundt og heldt klokkespelkonsertar, og helga før seminart hadde NSCK- Nordisk selskab for campanologi og klokkespil sin konferanse og årsmøte i Valdres. Det var stor mediedekning både før, under og etter seminaret. Her er nokon av innslaga/artiklane.

Nasjonalt seminar for kyrkjeklokker - 28. - 29. mai 2018

Over 100 deltakarar gjorde det fyrste Nasjonale seminaret for kyrkjeklokker til ein suksess. 5. juni skreiv  Vårt Land om seminaret.

I forkant av seminaret hadde Avisa Valdres to reportasjer om klokkeseminaret. Nettugåva av avisa skreiv 17. april fylgjande. 

Oppsummering av klokkeseminaret

Kyrkjeliv - kyrkjelydsbladet for Nord-Aurdal - hadde ei oppsummering av klokkeseminaret i nr. 4 2018. Den kan du lesa her.

Kyrkjeklokker og klokkelåttar i folkemusikken

Sundagane 3. og 10. juni var folkemusikktimen i NRK P2 via kyrkjeklokker og klokkelåttar. Her kan du høyre båe desse programma.

NSCK - Nordisk Selskab for campanologi og klokkespil - konferanse 26.-29.mai 2018

NSCK hadde si konferanse i Valdres i dagane 26. - 29. mai. Veka føreåt var det transportable klokkespelet rundt og heldt konsertar på skulane. I avisa Valdres stod fylgjande å lesa 29. mai.

Heimesida til kyrkja i Sør-Aurdal hadde fylgjande å seia om skulekonsert i Begnadalen 25. mai 2018.

Klokkereportasje i Nationen

11. juni hadde Nationen eit stort oppslak om manuell klokkeringing. Det kan du lesa her.

Klokkene ringer for deg

2. november 2016 hadde Merete Thomassen, førsteamnuensis i liturgikk ved UiO fylgjande spalte i Vårt land.

Klokkene ringer for deg

Magasinet PLOT hadde fylgjande artikkel på trykk 18. september 2018. Les artikkelen her.

Fant hittil ukjent klokkestøperi

Torsdag 27. oktober 2016

Under dei arkeologiske utgravningane på Torget i Trondheim, har ein kome over restene av eit klokkestøypingsanlegg.

Les meir om dette her.

Kurs for ringere i Valdres 18. november 2018

Mandag 18. november 2018 var alle ringere i Valdres invitert til ringekurs i Hedalen kirke. Avisa Valdres skreiv om dette. Det kan du lesa her.

Heimesida til kyrkja i Sør-Aurdal har også skrive om dette ringekurset. 1. mars stod dette i avisa. Det kan du lesa ved å fylgje denne linken.

Nettutstilling om kyrkjeklokker

KA - kirken arbeidsgiver- og interesseorganisasjon har ei lita nettutstillig om kyrkjeklokker. Denne er laga av Terje de Groot, som for tida jobbar med registrering av middelaldarklokker i Noreg.

Sjå nettutstillinga her.