Ymse

Klokkeoppheng

Klokker finn me opp gjennom tida som små klokker tenkt ringt for hånd, klokker i kyrkjetårnet eller i ein stupul. Felles for alle er at dei har ei form for oppheng. For svingande/pendulerande klokker handlar dette i hovudsak om to typar - rett aksling (flygande kolbe/bell) eller vinkelaksling (fallande kolbe - vuggebom). 


Her kan du lesa meir om klokkeoppheng

Anskaffelse av ny kyrkjeklokke


Nokre gonger hender det at kyrkja får ny eller nye kyrkjeklokker.  Det er mange omsyn ein må ta før ein bestemmer seg for korleis den/dei nye klokkene skal vera. Kva tonehøgd skal dei ha? Kva klangleg kvalitet er ein ute etter? Kva for innskrifter eller ornament ynskjer ein?

Her kan du lesa meir om desse tinga.

Reparasjon av av øydelagt klokke

Kyrkjeklokker er instrument som må handterast med forsiktigheit. Det er mang ei klokke som har vorte øydelagt fordi det har kome urøynde ringarar og drege i klokkereipet. Nokon gonger kan ei klokke sprekke pga alder, eller dårleg styøyping.

Les meir om reparasjon av klokker her. 

Gardsklokker / matklokker

Klangen som stilna

Sluttnotat om gardsklokkeprosjektet i Oppland.

Av Knut Anders Dæhli og Henning Andersen

Du kan lesa artikkelen her. Den står også prenta i årbok for Valdres Historielag i 1998.

I Valdres har me i dag 74 kyrkjeklokker med smått og stort. 23 av dei er middelalderklokker. Me kjenner berre namnet på to av dei som støyete mellomaldarklokkene her. Den eine støypte den største klokka i stupulen i Hedalen. På klokka står det: NICHOLAVS ANGELUS ME FECIT (Nicholaus (engelskmann) laga meg). Den andre me kjenner namnet på er han som støypte ei av klokkene i den gamle stavkykja i Aurdal. Klokka vart borte på tidleg 1700-talet, men ho var teikna opp, og runene tyda på midten av 1600-talet. Innskrifta tyder: GUDMANN/GUDMAR GERDI MIK (Gudmann/Gudmar gjorde meg). Elles i landet kan ein finne namn på klokker alt på slutten av 1100-talet, men vanlegast blir det ikkje før på 1200-talet. Sjølv om me ikkje har namn på dei gamle klokkestøyparane, har likevel nokre av mellomaldarklokkene her i Valdres såpass store likskapar seg imellom, og også med klokker me finn andre stader i landet, at me i alle fall med stor sikkerheit kan seia at klokker kan vera laga av sama klokkestøypar.    

Her kan du lesa meir om klokkene