Ny klokke?

Den gamle "sukkertoppklokka" i Hedalen stavkyrkje. Truleg frå
2. halvdel av 1100-talet.

Ny klokke frå klokkestøyperiet Rincker i Tyskland

Credo-klokka i Aurdal kyrkje. Støypt av Fonderia Allanconi, Italia i 2017, men etter ein norsk modell frå 1820-talet.

I nokre kyrkjetårn heng gamle og ærverdige klokker ein er redd for med tida skal bli øydelagte. Me har kring 250 mellomaldarklokker her i landet - mange av dei nær 1000 år gamle. Kor lenge dei vil halde veit ein ikkje. Truleg vil nokon av dei før eller seinare få ein sprekk og ryke.

Nokon har teke dei eldste klokkene or dagleg bruk, og lar dei ringe berre ved høgtidsdagane eller berre til å slå 3x3 slag på. I staden for den gamle klokka ynskjer ein kanskje å få på plass ei ny klokke - ei erstatningsklokke.

Om ein bestemmer seg for ei erstatningsklokke, er det mange omsyn ein lyt ta. Mellom anna om om den nye klokka skal ringe ilag med ei anna klokke, eller om ho skal ringe åleine i tårnet. Skal den nye klokka ha tilnærma sam tonehøgd som den gamle, eller ynskjer ein ei større klokke med djupare klang. Kor stor og tung klokke kan tårnet tåle?

Kyrkjeklokker har mykje kjensler knytt til seg. Den gamle klokka har kanskje ringt i bygda i mange hundre år - ringt til sorg og glede. Og alle er samde om at klokka hadde så vakker klang.... Difor høyrer ein ofte at folk er skuffa over den nye klokka dei har fått. "Den lét ikkje så fint som den gamle." 

I dag finst det klokkestøyperi som har både kunnskapar og moderne utstyr til å kunne kopiere den gamle klokka, både visuelt og klangleg. Nokon stader vil det absolutt vera eit ynskje. Andre stader er ikkje det så viktig med ein nøyaktig kopi, men likevel at den gamle klokka får tilnærma sama tonehøgde som den gamle.

Det er viktig at klokkestløyparen som skal laga den nye klokka har kunnskapar om beregning av klokkeprofil og overtonerekker, slik at den nye klokka, uavhengig av tonehøgda, vil harmonere godt med klokka eller klokkene den skal ringe ilag med. Om den andre/dei andre klokkene i tårnet ikkje er stemt, men har ureine overtonar, er det lite truleg at ei ny og reinstemt klokke vil klinge særleg fint i eit klokkekor. Difor må det takast klanganalyse av dei gamle klokkene, slik at den nye klokka kan avstemmast slik at den vil klinge godt med dei andre.

Ei ny klokke er sjølvsagt ei ny klokke. Men du som bestillar av klokka kan gjerne koma med tankar og idear til klang, og ikkje minst kva for ornament og innskrift klokka skal ha. Nokre klokkestøyperi har stivna litt i éin stil, og leverer stort sett berre dei ornamenta dei har gjort i "alle år", medan andre har store lager av spennande ornament og motiv.

Om ein ikkje nødvendigvis ynskjer å kopiere ei gamal klokke, så kvifor ikkje gå attende i historia og bruke klokkeripper / klokkeprofilar frå andre stilperioder som basis for den nye klokka? Dei fleste store og velrenomerte klokkestøyperi har både kunnskap, kompetanse og ikkje minst interesse av å gjera dette.

Innan orgelbygging til dømes, vil ein gjerne ha ein variasjon i klang og stil. Nokon vél stilkopiar av romantiske orgel. Nokon vél barokke, medan andre "konstruerer" orgel som tek opp i seg element frå fleire stilar. Kvifor ikkje gjera slik med kyrkjeklokkene og? Kvifor standarisere klokkeklangen?

I Kongens Thisted kirke på Jylland i Danmark hang det fram til 2019 berre éi klokke i tårnet. På 1500-talet vart ei klokke konfiskert av kongen. Sidan 1920-talet har vore tankar om å få tilbake ei klokke til i tårnet. Det ein visste om den konfiskerte klokka var kor tung ho var, og omtrent kva århundre ho var støypt. Då ny klokke skulle på plass, valte ein å laga ein stilkopi. Ein tok utgnagspunkt i tyngda, og valte ei klokkeform som var vanleg på den tida den opprinnelege klokka var støypt. Ein valte også ut type bronselegering ein kjente til frå tilsvarande klokker. Den nye klokka vart så støypt av Eijsbouts klokkestøyperi i Asten i Nederland i 2018. Her er eit bilde av en nye klokka før ho har fått på plass oppheng.

Nye klokker i 1500-tallsprofil

Her kan du sjå ein video med tre klokker frå ein gravplass i Drachten i Friesland, Nederland. Det er klokkestøyperiet Laudy Klokkengieterij i Nedrland som støypte klokken. Dei er støypt med 1500-tals klokkeprofil/klokkerippe som utgangspunkt.