Aurdal kyrkje

Aurdal kyrkje vart fyrste gong teke i bruk til julegudstenesten i 1735. Ho vart vigsla 22. februar 1737. Kyrkja er som vanleg orientert med altaret mot aust.

Etter restaureringa i 1937, står no kyrkja med hovudtrekka frå 1792, då kyrkja fekk orgelgalleri og ny altartavle. Krusifiksen, lysestakane på altaret, preikestolen og døypefonten skriv seg ifrå stavkyrkja som stod på ein haug på Øvre sørei (jordet rett sør for kiwi).

Stavkyrkja vart riven tidleg på sumaren i 1735, men mykje materialar vart brukt oppatt i den nye kyrkja. Fleire av stavane er heilt eller delvis brukt, og tømmer og plankar frå stavkyrkja sine ombyggingar på slutten av 1600-talet, ser ein tydeleg spor av. Ein av stavane står utstilt i nodre tverrskip.
Sjå elles: www.aurdalskyrkja.no for meir info om kyrkja.

GLORIA

Den største og eldste klokka i kyrkja er støypt av kanon- og klokkestøypar Johan Nicolaus Derck frå Horn i Nederland i 1752. Klokka har ein diamter på 86 cm, og veg kring 400 kg. 

Den fekk fyrste gong nytt oppheng, vinkelaksling med knivlager, i 1927, så nytt oppheng (rett aksling av jern) i 1998, og til slutt nytt oppheng i tre med rett aksling i 2017.

Klokka sprakk kring 1950, og vart sveisa att av Olsen Nauen klokkestøperi.

Innskrift
Joan Nicolaus Derck me fecit Hornæ Soli Deo Gloria Hornæ 1752
(J.N.Derck laga me" og "Berre Gud Ære)

KYRIE

Då kyrkja var ny i 1737, veit me at det hang 3 klokker i tårnet. Det må då ha vore dei sama tre som var i stavkyrkja i 1731. Så kom den store Derck-klokka i 1752. Den må ha erstatta éi av dei tre klokkene. Sidan den "nye" klokka vart støypt i Holland, vart truleg ikkje den gamle sendt dit for omsmelting. Kor vart den av? Dei to andre som hang i tårnet, må ha vore dei som vart støypt omatt av Knud Christian Scmidt frå Christiania i 1834. Den klokka sprakk i 1927, og Olsen Nauen klokkestøyperi smelta om klokka frå 1834. Opphenget og kolben frå denne klokka finst framleis i kyrkjetårnet. Klokka er 75 cm idiameter og veg ca 200 kg.

Innskrift

Ringer jeg til ro de døde,
Ringer jeg til kirkemøde,
Altid er jeg Herrens tolk,
at han samle vil sit Folk.


CREDO

20. april 2017 vart kyrkja sine to nyast klokker støypt hjå Fonderia Allanconi i Ripalta Cremasca i Italia. Klokkene vart vigsla til under konfirmasjonsgudstenestene 21. mai, og innviinga skjedde 1. pinsedag. Den største av klokkene veg ca 180 kg og er 65 cm i diameter. Klokka har slagtonen Eb. Klokka har fått namnet CREDO. I tillegg har klokka fylgjande innskrift: "Til minne om kirkens vigslingsdag 22. februar 1737. Trinitas. In nomine Patris, et Filii, et Spiritus Sancti." Klokka har også fått eit dikt på seg. Det er skrive av tidlegare Valdresprost Kristofer Juvkam Ørjavik. Då Bagn og Aurdal kyrkjer feira sine 250-årsjubileum, skreiv Ørjavik ei jubileumssalme. Den er tufta på bibelstaden som vart lesen då grunnsteinen til båe desse kyrkjene vart lagt ned i hhv 1734 og 1735. På klokka har me teke fyrste strofa frå kvart vers. "Gud vår far som skapte ljoset og gav liv til alt som gror. Jesus Kristus deg me takkar for du har di kyrkje her. Heilag Ande du vår trøystar som gjev kjærleik tru og von." 

AGNUS DEI

Den minste av dei to nye klokkene veg ca 120 kg, og har ein diameter på 57 cm. Klokka har fått namnet AGNUS DEI. Innskrifta elles er: "Til minne om Martin Luther, Wittenberg 31. oktober 1517. - Angus Dei qui tollis pecatta mundi. Dona nobis pacem." I tillegg har også denne klokka fått eit dikt. Det er skrive av tidlegare prost i Valdres, Håkon Haus då han slutta som prost i 1987. På klokka står siste verset.: "Må bygda og dalen bløma i ljoset frå Herrens ord. Og folket i fred og søma få samlast i kyrkjekor." 

Tanken bak dei nye klokkene, og prosessen som førte fram til at dei no heng i tårnet, kan du lesa meir om på heimesida til kyrkja: https://www.aurdalskyrkja.no/kirkens-inventar/kyrkjeklokker/nye-kyrkjeklokker. På den sida finst også ein video frå støyping til opphenging.

Klokkene i stavkyrkja

Stavkyrkja stod på ein haug på Øvre Sørei. Kyrkja var truleg bygd ein gong på slutten av 1100-talet, og stod fram til ho vart riven i 1735. Der var det klokker både i tårnet og i eigen stupul. 

Den tidlegaste informasjonen om klokker me har, er frå ei innhaldsliste i "Grågås" - Stavanger stifts- og domkapitels jordebok frå ca 1620. Der står det at kyrkja har 6 klokker.

Innhaldslista frå "Kirkestolen" i 1675 er litt meir spesifisert:
2 Klocher som henger ofuer Nederste dehl af Kirchen.
2 Mindre Ditto staar i Kirchen.
2 smaa Munche Klocher.

Dei to største og dei to mindre klokkene finn me att i inventarlistene fram til 1712, medan dei to små munkeklokkene må ha vorte borte mellom 1703 og 1712. I 1731 er det oppført 3 klokker, det sama for inventarlista til dagens kyrkje i 1807, men frå no av høyrer me berre om to klokker.

Éi av dei gamle klokkene hadde runeinnskrift. Både klokka og runene vart teikna ned på fyrste halvdel av 1600-talet av den danske oldtidsforskaren Ole Worm (1588-1654). I boka han gav ut i 1643 - "Monumenta Danica", er både klokka og skrifta tyda. Worm tyder skfirta til å vera KUÞMAN KERÞE MIK (Gudmann gerði mik). Gudmann gjorde meg. Den norske språkforskaren Sophus Bugge (1833-1907) har vore i tvil om både oppteikninga og tydinga av runene. Han tippar at mannsnamnet skal vera Gudmarr, og at innskrifta er frå midten av 1100-talet. Den gamle stavkyrkja trur ein kunne vera bygd i andre halvdel av 1100-talet, så då kan det tyde på at det har vore klokker i kyrkja frå starten av.

Aurdal historielag har denne klokka som sin logo.
Du kan lesa meir om stavkyrkja her: https://www.aurdalskyrkja.no/det-historiske-hjornet/stavkyrkja

Bell / kolbe / kolv

I kyrkja finst i dag 3 gamle bellar. Truleg er den midterste frå Schmidt-klokka frå 1834. Dei to andre veit me ikkje noko om. Men truleg kan dei ha vore i nokon av dei gamle klokkene frå stavkyrkja.

Under arbeidet med installasjon av dei to nye klokkene, dukka denne vesle skinnreima opp. Det kan sjå ut som om dette har vore ei skinnreim som har festa bellen/kolben til klokka. I tårnet er det i dag spor etter at det tidlegare har hange to store og ei lita klokke. Desse tre kom frå stavkyrkja. Denne reima er såpass lita at den må ha tilhøyrt den vesle klokka. Den vart truleg smelta om i 1834 då kyrkja fekk ny klokke.