Begnadalen kirke

Kyrkja er stavkyrkjeinspirert, med to søylerekker, som gjev inntrykk at kyrkja er treskipa. Takstolen er open heilt opp. Det er sitteplassar til 240 stk. Kyrkja vart vigsla 13. september 1964.

Gamlekyrkja

Den gamle kyrkja i Begnadalen var teikna av arkitekt Christian H. Grosch. Den var bygd i 1859. Ein nytta så og seia sama teikningane til denne kyrkja som til kyrkja i Nes i Ådal, Hval kirke i på Hallingby, og Rogne kyrkje i Øysre Slidre.

Ho var sparsomt utsmykka fram til århundreskiftet. Då kkom både altarbilde, preikestol og orgel. Kyrkja hadde to kyrkjeklokker. Kven som hadde støypt dei veit ein ikkje noko om. 

I 1956 vart det innlagt elektrisk fyring i kyrkja. I etterkant av messa 2. påskedag, den 22. april 1957, byrja kyrkja å brenne. Kyrkja brant heilt ned til grunnen.

Klokkene i gamlekyrkja

Anette Hougsrud i Begnadalen kan fortelje at det var Erik Hougsrud som kjøpte kyrkjeklokkene til den då nybygde Begnadalskyrkja, i London i 1857. Han fekk truleg oppdraget av far sin. Erik hadde vorte sjuk av tæring. Han vart anbefalt av legen å ta ei sjøreise. Han gjorde det, og kom så til London. Der skulle han ha kjøpt både dei to kyrkjeklokkene, og ei stabbursklokke til heimgarden. På heimturen frå London vart Erik veldig sjuk, og døydde i Christiania (Oslo), 21 år gamal i 1857, og vart gravlagt på Vår Frelsers gravlund. Sjølv om Erik ikkje kom heimatt til Begnadalen, kom både kyrkjeklokkene og gardsklokka til Begnadalen året etter. Om kyrkjeklokkene ikkje er meir, heng stabbursklokka framleis i tårnet på stabburet i Nordgarden Hougsrud.

Stabbursklokka har innskrift som syner at den er støypt hjå J. WARNER & SONS LONDON i 1858. Det kan då truleg bety at det var sama klokkestøyperi som laga klokkene til kyrkja også. Noko som understøttar dette er at to av dei andre kyrkjene som arkitekt Grosch teikna i nærleiken, har klokker frå nettopp J. WARNER & SON. 

Her ser me rester av smelta klokkebronse - attfunne i brannruinane.

Klokkene i den nye kyrkja

Største klokka i tårnet

Etter at den gamle kyrkja brann, vart det bestilt to nye kyrkjeklokker. Båe støypt av O. Olsen og sønn (no Olsen Nauen klokkestøperi). Dei kom sama året, i 1957, og vart hengt opp i ein nybygd stupul ute på kyrkjegarden.

Størst klokka har ein diameter på 80 cm, og ei høgde inkl. krone på 72 cm. Klokka har fylgjande innskrift:
LAND! LAND! LAND! HØR HERRENS ORD. JEREMIAS 22.29.
På motsatt side kristogram, og alfa- og omegateiknet. 

Minste klokka i tårnet


Minste klokka, 65,5 cm i diameter og 60,5 cm høgde, har fylgjande innskrift: Soli Deo SOLI DEO GLORIA. På motsatt side: 1957 samt ei due.

Her kan du høyre eit lydklipp frå ringing med kyrkjeklokkene i Begnadalen.
Det er kyrkjetenar Geir Ingar Bølviken som ringer.