Hegge stavkyrkje

Grågåsa, Stavanger stift- og domkapitels jordebok frå kring 1620, står det nemnt 2 klokker i kyrkja. I Kirkestolen, kyrkja si rekneskapsbok, står det i 1675 at det er 2 "temlig stoere Klocher i Stubhulet" og "2 mindre dito i Klocher Stoelen pa Kirchen". I 1707 er dei sama klokkene nemnt i tillegg til "een liden Munche dito i Choret."

Ikkje nokon av desse klokkene finst no. Kan det vera at dei alle vart omstøypt av både Søberg og Sundt, i hhv 1823 og 1847?

Den andre av dei to mellmaldarklokkene frå Lidar stavkyrkje.

Middelalderklokke i stupulen.

Denne klokka har ein gong fått øydelagt krona. Klokka er ei av dei to klokkene som oprinneleg kom frå stavkyrkja i Lidar.

Klokke støypt av Mathias K. Søberg i 1823. Klokka har fylgjande innskrift:Komer krestne mand og Qvinde Komer alle store og smaa leder og i skule find(e), reder og i skule faa, templet himlens forgord er Herrens ord i smugt bevare salig den som har det kiær.

På baksida: «Støbt af MK SØBERG 1823».

Klokka har truleg originalt oppheng.

Den andre av dei to nyaste klokkene i stupulen er støypt av Knud Andreas Sundt i 1847.

"Denne Klokke tilhører Hægge Kirkke og er omstøbt af Knud Andreas Sundt MDCCCXLVII". Truleg originalt oppheng.