Høre stavkyrkje

Kyrkja vart bygt i 1180 i fylgje ei runeinnskrift i kyrkja. Årringdateringa viser til 1179 så dette verkar som det er rett. Dette skal vere den stavkyrkja med sikrast datering. Seinare er kyrkja ombygd rundt 1820.

Dette er den andre kyrkja på staden, den fyrste var ei stolpekyrkje med jordfaste stolpar.

Under kyrkja er det graver, også for born. Nokre av gravene er brukt for å datere den fyrste kyrkja på staden.

På staven inne i preikestolen er det ei runeinnskrift:

«Þá, um þat sumar [létu] þeir brœðr Erlingr ok Auðun hôggva till kirkju þessar, er Erlingr ja[rl fe]ll í Niðarósi», - Den sommaren då brørne Elling og Audun lét hogge (tre) til denne kyrkja, fall Erling Jarl i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179. (Teksten er henta frå Wikipedia).

Klokkene i tårnet

Kjeldene fortel

Grågås - Stavanger stifts- og domkapittels jordebok fortel at det i Høre finst 5 små og store klokker. I kirkestolen frå 1675 står det: «To temlig Klocher i Stubhullet to mindre dito i Klocherstoelen». Den 5. klokka - kan det ha vore ei messeklokke? I dag heng det to mindre mellomaldarklokker i tårnet, og to nyare klokker i stupulen.

Den yngste klokka i tårnet

Den største klokka i tårnet har ein diameter på kring 45 cm. Høgde m/u/krone er 49/40,5 cm.

Her er eit lydklipp med denne klokka.

Den eldste klokka i tårnet

Den minste klokka i tårnet har ein diameter på 42 cm. Høgde m/u/krone er 48,5/40,5 cm.

Her er eit lydopptak frå denne klokka.


Her eit opptak med båe klokkene i tårnet. 

Den største klokka i stupulen

Den eldste klokka i stupulen er frå 1847. Den er, som innskrifta seier, støypt om av ei eller fleire gamle klokker. Innskrifta er: «Omstøbt af Knud Andreas Sundt 1847. Kom Sabadtens Dag Ihu At Du Holder Den Hellig»

Klokka har ein diameter på 61 cm, og høgde inkl. krone er 59 cm.

Minste klokka i stupulen

Den nyaste klokka i stupulen er støypt av far og son, Anders Olsen Holte, og J. A. Holte i 1880. Klokka har ein palmettbord øvst, og fylgjande innskrift:

Palmettbord øverst. Innskrift på kappen: «Klokkens Klang er Herrens røst lad dig minde trygge synder som dig alvorsfuld forkynder som din udsæd saa din høst». På baksida: «Om støbt af J.A S Og A.O Holte Av V. Toten Aar 1880. Klokkens Klang Er Herrens Røst Lad dig minde trygge synder som dig alvorsfuld forkynder som din udsæd saa din høst.».