Lidar kyrkje

I fylgje muntlege kjelder skulle det ha stått ei stavkyrkje i Skammestein. Den vart truleg riven kring 1665.

Dagens kyrkje vart bygd i 1932, men gravplassen kring vart opretta så tidleg som i 1902. Kyrkja er ein langskipa kyrkje bygd i tømmer.

Båe klokkene som heng i tårnet i dag, er støypt av O. Olsen og Sønn i 1937. Den største klokka har ein diameter på 81 cm. Den har fylgjande innskrift: "Gaave fraa Nils Gulliksen Leite fødd 10 XII 1851- Død 2V 1935" "Æra vere Gud i det høgste".

Minste klokka har ein diameter på 69 cm. Klokka har fylgjande innskrift: "Gaave fraa Nils Gulliksen Leite fødd 10 XII 1851- Død 2V 1935" "Fred paa jorda".