Nord-Etnedal kyrkje

Då Aurdal prestegjeld vart delt mellom Sør- og Nord-Aurdal i 1805 vart Etnedal delt. Bruflat høyrde til Bagn iSør-Aurdal, og den nørste delen av dalen sokna til Skrautvål i Nord-Aurdal. Kyrkjevegen var lang, og til tider strabasiøs. Så alt i 1840-åra byrja ein å tenkje på å få eige kyrkje.

Nord-Etnedal kyrkje stod ferdig kring Olsok, men vart ikkje vigsla før 19. september 1866.

Klokka i tårnet

Nord-etnedølane greidde å skaffe seg kyrkjeklokke innan kyrkja var ferdig. Klokka vart kjøpt på Mesna Bruk på Lillehammer. Årstalet 1866 er støypt inn i henne.

Kyrkjeklokka er støypt av Mesna bruk på Lillehammer i 1866. Det er einaste klokka i Valdres frå det støyperiet.

Her fylgjer ein tekst frå Boka Nord-Etnedal kyrkje 1866-1991, Harald Hvattum

"Tradisjonen fortel at klokka vart frakta med hest og hjulslede til Flatigarden. Herifrå var det berre gongveg. Resten av vegen bar tre karar henne. Ole J. Hiesbrøtin og Mikkel Øygarden frakta klokka hengande på ei stong dei bar mellom seg. Lars Steinset bar bellen.

Vegleia gjekk via Rust og Hestkinn før ein kryssa Etna ved Rennun. Så bar det oppattover åt Solbrekkun, Hiei og Ton.

Tradisjonen fortel at karane hengde opp og prveringde med klokka ein gong dei kvilte. Nokon meiner det føregjekk på Hestkinn, andre meiner Solbrekka.

Innskrifta er skrivne med latinske bokstavar, det vil seia dei bokstavane me har i dag. Då klokke kom hit til bygda, var det enno gotisk skrift som var det vanlege på trykk o gi handskrift utover landsbygdene. Dette førte til ei myte som framleis lever i Nord-Etnedal, men som me med dette må avlive.

Harald Tollehaugen flortalde i "Valdres" 17. oktober 1916 at han og bror hans som smågutar hadde sett klokka då ein dreiv og bygde NordøEtnedal kyrkje. Ho var då plassert på golvet like innanfor inngangsdøra.

Gutane var nysgjerrige på innskrifta på klokka. Harald kunne lese litt, men berre gotisk skrift. Då sa broren Syver: "Jamen mor læser latin". Gutane pugga difor bokstavane slik at mor deira kunna dra dei saman til ord då dei kom heim att. Utsegna frå Syver slik ho vart gjengjeven i "Valdres", har sidan gått på folkemunne og etterkvart skapt den trua at mora kunne latin.

Men det ho altså hadde lært seg, var det latinske alfabetet som det på den tid ikkje var mange som kunne her i Etnedal. Dette går og fram om ein les vidare i artikkelen til Tollehaugen. Han skreiv nemleg følgjande om kva mor hans kunne: "Ja ikke det latinske sprog, det var vel vanskelig nogen husmandskjærring greide, men bokstaverne og sammenlægningen til ord."

Her kan du høyre klangen i klokka.