Røn kyrkje

Røn kyrkje vart bygd i åra 1748-1749. Ho vart bordkledd og måla utvendig i åra kring 1860, og restaurert og kledd innvendig i 1908. Døypefonten er truleg sett saman av to forskjellige døypefontar frå mellomalderen og er av kleberstein. Ein kan tenkje seg at dette er arv frå ei eller kanskje to gamle kyrkjer i same området. I våpenhuset står ein stavkyrkjeplanke, truleg frå stavkyrkja på Fystro. Datert til 1200-talet.   Teksten henta frå kyrkja si heimeside: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/vestre-slidre/om-oss/kyrkjene-i-vestre-slidre/ron-kyrkje/ 

Fystrokyrkja

Den gamle stavkyrkja stod på garden Fystro, kring ein km lengre opp og sør for dagens kyrkje. Kyrkja var truleg bygd på 11/1200talet, og var truleg som stavkyrkjer flest. På midten av 1600-talet var kyrkja skrekkeleg forfallen, og meir eller mindre ubrukeleg. På slutten av århundret heldt ho på å ramle over ende. Men det vart sett i gang reparasjonar, så ho var i bruk fram til tårnet ramla ned i ein storm i 1730. No ser det ikkje ut til at kyrkja var i bruk før i 1739 att, etter svært omfattande reparasjonar. Likevel stod ikkje kyrkja lenge etter dette.  Rivinga av gamlekyrkja og bygginga av den nye ser ut til å ha gått føre seg paralelt, sidan ein del materialar frå stavkyrkja er brukt oppatt i den nye. Det seiest at siste messa i gamlekyrkja, som truleg vart halden 12. april i 1748, gjekk føre seg i koret i kyrkja, som var det einaste som no stod att.  Nykyrkja vart vigsla i 1749. 

I Grågås, Stavanger stifts- og domkapittels jordebok frå kring 1620, er det fortalt at det i kyrkja fantes 2 klokker. Frå ei synvaring i 1665 er det fortsatt berre to klokker nemnt - dei heng i "Kloeckestoelen". Men innventarlistene frå 1675 fortel om 4 klokker: «2 Smaa Klocker som henger i Klocher Stoelen, 2 dito Staar i Kirchen»  Innventarlistene for 1732 fortel at ei av klokkene i tårnet vart øydelagt då tårnet ramla ned, og den andre klokka fekk «adskillige brester i sig». 

Etter dei store arbeida på stavkyrkja i 1730-åra, er nytt og større tårn sett opp. Og det blir sagt at hempene på klokkene måtte reparerast med jenband. Var dette nokon av dei klokkene som vart øydelagt då tårne ramla ned, eller var dette dei to som stod inne i kyrkja, som må ha vore større enn dei to små som i 1675 hang i tårnet?

Å fylgje kyrkjeklokkene frå Fystrokyrkja og fram til Røn kyrkje i dag, er ikkje lett. Det er mange lause trådar og spørsmål utan svar. Det blir mange "truleg", kan hende" og "moglegvis". Men sikkert er det i alle fall at den eldste klokka i Røn kyrkje i dag har ringt utover bygda i snart 1000 år.

Den eldste klokka i tårnet

I tårnet i dagens Røn kyrkje, heng to klokker. Den største og eldste er ei klokke som truleg skriv seg frå andre halvdel av 1100-talet. Den eine kronearmen er øydelagt, og ein har bora hol i klokka på toppen, og sett gjennom eit jernband. Er dette frå reparasjonen av klokkene i 1730-åra, eller er det av nyare dato? Om denne klokka kan reknast for å kunne vera ei av dei 2 små, eller ho er ei av dei to, som truleg var litt større, kan ein ikkje seia sikkert. Klokker av sama form og alder kjenner me til både større og mindre. Men truleg ville eit lite tårn/takryttar, som det me kjenner frå stavkyrkjene frå tidlege tider, ha vorte for spinkel og ustabilt til at to klokker av denne storleiken skulle ringe samstundes. Det betyr altså at denne klokka kan ha vore av dei som stod inne i gamlekyrkja, og dermed ikkje vart øydelagt då tårnet ramla ned.

I 1923 nemner teologen og kunsthistorikaren Anders Bugge (1889-1955) at det i Røn kyrkje finst to mellomaldarklokker. Ei frå kring 1150-1250, og ei frå 1200-talet. Kva for to klokker er dette prat om? Truleg må den fyrste vera den som heng i tårnet i dag, men kva for klokke var den andre? Var det den andre me har høyrt om, som stod inne i den gamle Fystrokyrkja? Eller er det som Anders Bugge foreslår, ei klokke frå Øde/Øyjar kyrkje? Personalhistorisk tidsskrift R4, bd 6 fortel om at det i tårnet i Røn kyrkje finst 3 klokker - to gamle, smale klokker, og ei støypt av Mattias Skiøberg i 1823. Når vart den andre mellomaldarklokka borte? Skiøbergklokka frå 1823 skal etter det som er fortalt, vera kjøpt i 1840, og transportert til kyrkja av Ola Gøleiksson Køta.

Den nyaste klokka i tårnet

Dette er altså klokka som Mattias Skiøberg støypte i 1823, men som ikkje vart kjøpt til Røn kyrkje før i 1840-

Klokka har fylgjande innskrift: "Støbt af M.K Soberg 1823." jubileumsskriftet til Røn kyrkje, utgjeve i 1998 står fylgjand om klokkestøyparen M. K. Skiøberg.

"Ei halv mil sørover etter riksvegen frå Dokka, på austsida av fjorden og på øvre sida av vegen renn ein liten bekk. Skoglia ovanfor kallar gamle folk for Støypsvea. Den låg på garden Tingvoll sin grunn, og ved århundreskiftet stod det ein gamal, grå tømmerygning her. Den inneheld restene etter ei smie og eit støyperi, og klokkestøyparen var svensken Mattis K. Skiøberg (1781 - 1824). Fyrst på 1820-talet ser det ut til at han budde i Vardal, og reiste rundt og støypte kyrkjeklokker. Ganske sikkert støypte han ikkje berre det, men også gardsklokker, bjøller og anna. Her på Tingvoll støypte han i 1821 m. a. ei klokke til Skrautvål kyrkje, og han støypte sama året omatt klokkene i Bagn kyrkje."

Her kan du høyre båe klokkene ringe.