St. Tomaskyrkja

Stavkyrkja som stod på Filejell, skal etter tradisjonen ha vore ganske lik stavkyrkja i Borgund. I alle fall når det gjeld storleik og type bygning. Men St. Tomaskyrkja var enklare utsmykka.

Kyrkja lyt ha vore bygd ein gong på slutten av 1100-talet, og var mest trulg vigd til den opulære helgenen Thomas Becket (1118-1170), som vart kanonisert i 1173.

Etter reformasjonen skal Tomaskirken etter tradisjonen ha vorte liggjande aude. Soknepresten i Vang, Ove Ovesen Wangensteen (1629-1660) gjorde "Syftesokdagen" eller Maria besøkelsesdag (2. juli) til fast messedag i St. Tomaskyrkja.

Då det var gudsteneste om sumaren vart det òg dansefest. Hit kom folk frå båd Sogn, Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Det vart spel og dans og handel og slosting og det som verre var. På folkemunne blir det fortalt at det ved stemnene ved Tomaskyrkja vart mang ein sprek kar dengt, mang ei møy krengt, og mang ein god hest sprengt.

Sognepresten i Slidre, Hermann Ruge (1737-63), var forarga over alt det ugudelege som gjekk føreseg. Så, i 1740-åra gjekk han inn for å få rive kyrkja. I eit brev frå kongen i 1747 står det at "St. Thomæ Love-Kirke i Vangs Pgld. ikke skal nedrives, men af sine egne Midler fremdeles vedligeholdes". I den sama forordninga vart det presisert at presten og medhjelparen skulle sørge for at alt gjekk sømeleg føre seg, og at kyrkjelyden gjekk kvar til sitt etter messa.

I 1808 vart kyrkja likevel rive ned. Mykje materialar vart nytta til bruer, klopper og anna byggverk på Filefjell.

Diktaren og kulturforkjemparen Anders Underdal byrja i mellomkrigstida ein kampanje for å gjenreise St. Thomaskyrkja. Heilt frå Underdal, som var født i 1880, var smågut hadde han høyrt sogene om denne kyrkja. Særleg var det kiminga av kyrkjeklokkene som gjekk igjen i mange av desse forteljingane. Underdal brukte mykje av si tid som omreisande skald og foredragshalder til å agitera for at kyrkja måtte gjenreisast, og han samla óg inn pengar til dette formålet. Og alltid song han den kjenningssongen han hadde skrive, «Klokkune klang over Filefjell». Dessverre for Underdal adopterte Nasjonal Samling gjenreisinga av kyrkja som ei av sine kampsaker. Underdal, som hadde lete seg påverke av Quisling sin propagandaministar til å melde seg inn i NS som eit ledd i dette prosjektet, hadde etter krigen altså hamna i vanære, så då kyrkja blei gjenreist i 1971 var det andre enn han som fekk hovudæra for det. (tekst frå Wikipedia).

I 1971 vart ny St. Tomaskyrkje vigsla på så og seia sama tomta som den gamle kyrkja hadde stått.

Båe dei to mellomaldarklokkene i stupulen har opprinneleg høyrt den gamle St. Tomaskyrkja til. Men då kyrkja vart rive ned kom klokkene til Øye kyrkje. Då den nyeoppbygde St. Tomaskyrkja vart vigsla 2. juli 1971, var klokkene på plass att.

Eit sagn fortel at då kyrkja var riven ned skulle kyrkjeklokkene fraktast over vatnet og ned til Øye kyrkje. Dei venta til vinteren, sette klokkene på ein slede, og drog over vatnet. Midtfjors brast isen, og sleden med den eine klokka sokk til botn. Klokka/klokkene som overlevde denne turen vart no hengt opp i Øye kyrkje, sidan dei gamle klokkene der vart seldt på auksjon. Når St. Tomasklokkene ringde, kunne ein høyre den såre klangen etter systerklokka dei sakna. Og høyrde ein ekstra godt etter, kunne ein kanskje høyre at ho svara.....

Og Tomasklukkelåtten er vel ein av dei mest kjente av lydarlåttane og klukkelåttane i Valdres. Den blir jamt spelt både på fele og langeleik.

Henning Andersen spelar her St. Tomasklukkelåtten.