Ulneskyrkja

Ulnes kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med rektangulært skip og smalare og lågare kor. På mønet over skipet sit ein firkanta takryttar med høg og slank hjelm. Kyrkja er truleg reist like etter 1265. Etter å ha forfalle sterkt, vart ho bygd opp att med noko større skip i 1735. På 1890-talet vart det bygd til våpenhus framom inngangen i vest og sakristi aust for koret, men desse delane vart fornya på 1950-talet.
Kyrkjeinteriøret har gått gjennom fleire endringar gjennom åra, blant anna har koropninga truleg vorte utvida etter reformasjonen, slik at ho no har same breidd som koret. I 1953-54 vart kyrkjerommet restaurert under leiing av arkitekt Hans Magnus. Eit brystpanel frå 1890-åra vart fjerna, og murmåleria på veggene vart avdekte av Ola Seter. Korveggene har landskapsmotiv og kring portalopningane er det rankemotiv. På nordveggen ser ein Jesus med tre disiplar og Sakkeus i Morbærtreet.
Ein knelande dåpsengel i gips held dåpsfatet. Han er laga av Ole Fladager og var opphavleg modell for den tilsvarande døypefonten i marmor i Skien kyrkje, som var ferdig i 1866. Gipsmodellen kom til Ulnes i 1873. Altertavla i fleire etasjar er skoren av Anders Pederssen Rye i 1849 og måla av broren Halvor. I nedste del er Nattverden framstilt, flankert av Moses med strålar frå panna og Aron i ypparsteprestens klesdrakt. Krossfestinga strekkjer seg over to etasjar. Ved foten av krossen står Maria og Johannes, og ikring står evangelistane. Over Krossfestinga sit Maria med Barnet, omgjeven av dei heilage tre kongar. På toppen står den oppstådde Kristus på ein jordklode.

Den eldste klokka i kyrkja.

Truleg ei klokke frå 1200-talet.

I Grågåsa står det oppført at kyrkja kring 1620 hadde 3 store og små klokker. Frå boka om Ulneskyrkja, skrive av Jahn Børre Jahnsen, kan me lesa fylgjande:

I 1665 bad ein om at det måtte førast opp stupul på kyrkjegarden, men dette vart ikkje gjort. I 1675 hang det to små klokker i "Stubhullet". Men vi veit ikkje noko meir om dette.

Tårnet (takryttaren) er frå 1735, det årstalet står på verfløyen. Tårnkonstruksjonen er den same som i Slidre kyrkje. Fleire rekneskapar nemner to klokker i tårnet. Den eine av desse vart truleg omstøypt i 1834, den andre har enno si mellomaldarlege form. Det seiest at det om lag 1821 at dei to klokkene "hænger i Stuphul eller Taarnet", men det er vel her to namn på same sak, kyrkjetårnet.......

Den yngste klokka

Denne klokka i tårnet har innskrifta "Støbt af Knud G. Schmidt i Christiania 1834". Men truleg er dette ei mykje eldre klokke som vart omstøypt. I rekneskapsboka kan vi sjå at det er utbetalt pengar "for at nedbringe Kloken af Taarnet" og for transport både til og frå Kristiania. Det kan også vera at ei eldre klokke vart seld og ei heilt ny kjøpt inn. Den andre klokka i tårnet er som før nemnt frå mellomaldaren. Klokken skal kalle menneska til Guds hus og mane til dagleg bøn og ettertanke.

Tekst henta frå boka om Ulneskyrkja - Jahn Børre Jahnsen

Knud G. Schmidt støypte også ei klokke til Aurdal kyrkje i 1834. Den vart smelta om i 1927.

Her kan du høyre eit lydklipp frå ringing med Schmidtklokka i Ulnes.


Hansen, Ola, f. 5-4-1895, ansatt som kirketjener og graver i Ulnes kirke 1949. Lønn 600 kr. + trygdekasse og 50 kr. for hver grav. Han skriver: "Det er 2 kirkeklokker, men skriften på dem er så utydelig, at jeg kan ikke gi noen opplysning om dem." - henta frå boka: Anna Lindhjem. Kirketjenere og kirkeklokker 1955. Bind I