Reinli stavkyrkje

"Gamle Guri"

Reinli stavkyrkje er den yngste og best bevara stavkyrkja i Valdres. Ein har gjerne datert kyrkja til ein gong mellom 1200 og 1300-talet. Ein del materialar frå kyrkja har tydeleg vore nytta tidlegare - anskje i ei anna kyrkja. Ved utgravningar under kyrkja på 70-talet, fann ein spor etter to tidlegare kyrkjer på staden. Kan ei av dei vera den kyrkja som er nemnt i skildringane til Olav den Hellige si reise gjennom Valdres i 1023? Prøver som er teke av materialane i kyrkja, strekker seg over ein periode frå midten av 1100-talet og fram til 1320-talet. Ein tenkjer seg kanskje at kyrkja kan vera sett saman av bygningsdeler frå ei eldre kyrkje, men at ho fekk si endelege form og utsjånad etter ei stor ombygging på 1320-talet.

I sørre svalgangen finn ein på dørbladet fylgjande innskrift: "Her h(vili)r und(ir Si)ra Thor(der) sem e(fna l)et ki(rkiu) dessa (pater) nr". Dette er tyda til:  "Her hviler under Sira Thord som lot forberede denne kirke, pater noster."
 
På folkemunne har kyrkje gjerne vorte kalla "Gamle Guri". Kyrkja er i dag berre i bruk på sumarhalvåret. I kyrka står det fyrste orgelet som kom til Bagn kyrkje i 1808. Laga av Hallvard Klætte.

Stupulen ved kyrkja er frå midten av 1800-talet. Den avløyste ein mykje eldre ein.
Det er i stupulen at dei tre klokkene heng.


I grågås - Stavanger stift- og domkapittels jordebok frå kring 1620,  står det nemnt 2 klokker. Og i innventarlistene i Kirkestolen, rekneskapsboka til kyrkja, står det i 1675 at det skal vera to små klokker i stupulen. Den eine av dei to klokkene er truleg den eldste som heng i stupulen i dag. I 1712 høyrer me om ei messeklokke som skal vera flytta til Aurdal prestegard.

I 1799 vart det kjøpt ei klokke til kyrkja. Det finst ei tavle på veggen i kyrkja som fortel om dei som gav pengar til denne klokka. Kven som støypte klokka, eller kor den har vorte av, veit ein ikkje. På auksjonen etter Baldisholkyrkja i Ringsaker i 1879, vart det kjøpt ei kyrkjeklokke. Den var støypt i 1641. Den heng i dag i stupulen. I tilleg heng ei klokke frå 1898 der, ei klokke gjeve av utvandra Reinliingar. Klokka er støypt av STUCKSTEDE & BRO. ST.LOUIS Minesota. På klokka står fylgjande innskrift: CAST BY STUCKSTEDE & BRO. ST.LOUIS MO. DENNE KLOKKE ER I 1898 GIVET OG SENDT REINLID KIRCKE FRA REINLINGER SOM ER UDVANDREDE TIL AMERIKA. På kappen leses RINGER JEG TIL KIRKEMØDE/ RINGER JEG TIL RO DE DØDE:/ ALTID ER JEG HERRENS TOLK.

Det er mange lause trådar og mange spørsmål om klokkene i Reinli. Kan den eine av dei to opprinnelege klokkene i stupulen ha vorte øydelagt, så det var den som skulle erstattst i 1799? Vart då den gamle smelta om til den nye? Kor er klokka frå 1799 hen? Var det den som vart erstatta då ein kjøpte Baldisholklokka i 1879? Og kva skulle prestegarden i Aurdal med messeklokka i Reinli? Stavkyrkja i Aurdal hadde rett nok to messeklokker/munkeklokker, men dei er nemnt i innventarlistene alt i 1620, så det er truleg ikkje nokon av dei ein pratar om.

Klokkene

Truleg ei av kyrkja sine opprinnelege klokker - i alle fall ei av dei som er nemnt i innventarlistene frå 1675. Klokka er ei sukkertoppklokke. Ho har utviklingstrekk som gjer at ein gjerne vil datere klokka til fyrste halvdel av 1300-talet. Kan det hende at klokka vart kjøpt inn i høve at kyrkja vart om- og påbygd i 1320-åra?

Klokka har desverre fått eit svært skjemmande klokkeoppheng.

Klokka er kring 51,5 cm i diameter, og har ei høgd inkl. krone på ca 63,5 cm.

Klokka har både visuelle og klanglege (overtonestrukturen) likheitstrekk med to av klokkene i tårnet i Slidredomen. Skilnaden er at klokka i Reinli har tre riller nedst på klokka - på overgangen mellom klokkekroppen og slagringen, medan det på klokkene i Slidredomen berre er to. Klokka i Reinli har 6 relieff/merker på seg - 4 ansikt og 2 krossar, medan klokkene i Slidredomen berre har 4 relieff.


Baldisholklokka


Då stavkyrkja på Baldishol i Ringsaker vart rive, vart det halde auksjon over materialar og innvetnar. Éi av klokkene, den nyaste, vart kjøpt til Reinli kyrkje på denne auksjonen i 1879. Klokka er støypt i 1641, og har ei lang innskrift. Mellom anna kan ein lesa: Næs oc øens menigheds". (Ant. Nes og Helgøens menighet i Hedmark.) Vidare kan ein lesa namana Iens Bielke, Fru Sofia Brockenhus og Otte Mogensøn. I tillegg har klokka C4 sitt våpen, og årstalet 1641. Støyparen av klokka er ukjent.


Største klokka


Den yngste og største av klokkene har denne innskrifta:  CAST BY STUCKSTEDE & BRO. ST.LOUIS MO. DENNE KLOKKE ER I 1898 GIVET OG SENDT REINLID KIRCKE FRA REINLINGER SOM ER UDVANDREDE TIL AMERIKA. Nedst på kappa står:  RINGER JEG TIL KIRKEMØDE/ RINGER JEG TIL RO DE DØDE:/ ALTID ER JEG HERRENS TOLK.

Med ein diameter på 95 cm, og ei høgde på 71,5 cm, er dette største kyrkjeklokka i Valdres.

Her er ein video der alle tre klokkene er i bruk. Ringar er Henning Andersen. 

Reinli kapell

Reinli kapell er bygd i 1964, og har sitteplass til 150. 

I tårnet heng ei lita klokke støypt av O. Olsen og Sønn i Tønsberg, no Olsen Nauen klokkestøperi. Klokka har fast oppheng, og blir berre nytta til 3 x 3 slag. Ho er gjeve av Hermann Bøhle frå Ramnes.