Rogne kyrkje

Rogne kyrkje vart offisielt innvia i 1857 og ein del av inventaret er frå tidlegare kyrkjebygg, mellom anna ei altertavle. Til bygginga av kyrkja vart det brukt teikningar av arkitekt Christian H. Grosch. Same teikningar vart brukt til tre andre kyrkjer: i Begnadalen kyrkje i 1859 (brann ned 1957), Nes kyrkje i Ådal (i 1860) og Hval kyrkje i Hallingby (frå 1862). Kyrkjebygget er bygd i tømmer og har cirka 200 sitteplassar.

Tidlegare kyrkjer

Stavkyrkja i Rogne er fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder i 1327. Der er frå dei pavelege nuntier regnskap. Etter muntleg tradisjon skal kyrkja ha stått på Stadal, mellom Bolstad og Melby. Kyrkja har vort omtala som Stadal kirke. Truleg har stavkyrkja vorte flytta til garden Rogne.

Korskyrkja på garden Rogne var truleg bygd kring 1780. Frå ei synfaring 30. juli 1783 går det fram at kyrkja var i god stand, tekt med skifer. Og i tårnet var det to små klokker. Kyrkja var betalt av "en fattig almue uden nogen Hielp". Kyrkja har truleg stått der som våningshuset på Kyrkjeberg no står.

Kyrkjeklokker

I "Grågåsa" Stavanger stifts- og kapitels jordebok, frå kring 1620 er det nemnt 4 små klokker. I Kirkestolen, rekneskapsbok for kyrkja, står det under innventarlista for 1675: 2 smaa Klocher i Kloche Stoeelen, 1 mindre dito henger i Koret. I 1790 er det nemnt ei lita "sacristiklokke."

I stupulen heng det i dag to klokker. Den eine klokka står det at er omstøypt. Truleg er det dei to små klokkene som er nemnt i 1676 som Knud Andreas Sundt støypte om.

Største klokka i tårnet. Støypt av O. Olsen og Sønn klokkestøyperi i Tønsberg i 1950. Klokka har denne innskrifta: «Ring klokke ring fred over bygdi vaar ned. Gjevne av Rogne kyrkjelyd».

Den minste klokka i tårnet. Denne klokka er også støypt av O. Olsen og sønn i 1950. Innskrift: «Ole Hove, O.N. Strande. Med din klang sign vaar gang».

Kyrkjeklokkene støypt i Rogne

I heftet om Rogne kyrkje, som kom ut til 125-årsjubileet i 1982 står det å lesa fylgjande:

"Ola K. Rudibråten, - Bendiksonplassen, me kalla, fødd 1856 - som m. a. fortel at han var den siste som vart døypt i gamleyrkja. Han fortel og noko om dei gamle kyrkjeklokkone, som me får ta med:

Dei gamle klukkorne vart i 1847 støypte umatt til tvo nye, - og då med tilsetjing av nytt metal m. m. Støypingi vart gjort på Potaskhaugen (under søre Rogne gard), av ein kjend klukkestøypar Knut Andreas Sundt. Sama tid og stad vart støypt ei klukke åt Hegge, 1 åt Skrautvål, 2 åt Rogne, 1 åt Høre og 1 åt Kyrkjevoll i Sogn. - Men Rogneklukkone fekk ikkje den rette klangen. Støyparen gret av harm då han høyrde den dårlege klangen. Det var dei som meinte at det som skulde ha gjeve rette gode klangen (m. a. sylv), ikkje kom med i støypig. Ja, det var visst til og med dei som kalla dei nystøypte klukkone for "Bjølludn"! "

Største klokka i stupulen.

Støypt av Knud Andreas Sundt i 1847. Klokka har denne innsrkfita:Denne klokke tilhører Rogne kirkke MDCCCXLVII Støbt av Knud Andreas Sundt».

Minste klokka i stupulen.

Også denne er støypt av Knud Andreas Sundt.

Innskrifta tyder på at det er dei gamle stavkyrkjeklokkene som vart støypt omatt, og som inngår i denne klokka: «Omstøbt af Andreas Sundt MDCCCXLVII».

Det er Helge Nilssen frå Øystre Slidre som ringer tårnklokkene her.