Skrautvål kyrkje

Skrautvål kyrkje er ei krosskyrkje frå 1785 og ligg i Skrautvål i Nord-Aurdal kommune i Oppland fylke. Kyrkja er bygd i tømmer. Det er plass til 200 personar. Våpenhus vart bygd til i 1861.

I Grågås - Stavanger stifts- og domkapittels jordebok,  står det oppført 4 klokker i Skrautvål. I 1665 fekk stavkyrkja nytt tårn. I kirkenstolen frå 1675 er framleis 4 klokker omtala. To middels store klokker heng i "stubhullet", og to mindre heng i tårnet på kyrkja.

Den eldste klokka

Denne klokka har fylgjande innskrift: "Komer Krestne mand og kvinde komer ale store og smaa leder og i skulde finde beder og i faa Tempelet hemlens forgaard er Herrens ord i smogt bevare salig den som har det ker. Støbt M.K. SKIØBERG AAR 1821."

Kan det tenkjast at to av dei gamle klokkene, som er omtala i 1675, vart smelta om då Mattias Skiøberg laga denne klokka? Etter det som går på folkemunne, skal klokka vera støypt på ein liten plass kalla Støypsvea under garden Tingvoll i Søndre Land. Der skal også den minste og yngste av klokkene i Røn kyrkje vera støypt. Også den i 1821. Les meir om dette under Røn kyrkje.

Her kan du høyre denne klokka ringe.

Den yngste klokka

Denne klokka vart støypt i 1847. Ho har fylgjande innskrift: 
"Denne tilhører Skrudvolds kirke Me fecit Knud Andreas Sundt MD CCC XLVII."

Andreas Sundt var ein omstreifande klokkestøypar. Han var kjent for å støype om gamle klokker til nye. Og truleg var det dei to siste, gamle klokkene, nemnt i 1675, han støypte om til denne klokka.

Klokka er etter tradisjonen støypt i Rogne. Sjå sida for Rogne kyrkje for meir info.

Etter kyrkjevegen på Nord-Aurdalssida ligg Klokkarsteinatn. Det vart sagt at desse rugga på seg, då klokkene i Skrautvolkyrkja ringde til gravøl. Henta frå boka: Nord-Etnedal kyrkje, Harald Hvattum

Båe klokkene fekk nytt oppheng i galvanisert stål på 1990-talet. Dei gamle, originale opphenga ligg framleis i tårnet.